HELSENORGE

Vidar Øvrebø tilsett som stadleg leiar i Lærdal

Vidar Øvrebø (56) er fast tilsett som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Øvrebø har vore konstituert i stillinga sidan i fjor vår.

Ein mann i svart dress framfor inngangspartiet til ein bygning

Vidar Øvrebø er utdanna økonom frå BI. Han kom til Lærdal i fjor frå stillinga som avdelingssjef for Pasientreiser i Helse Førde, ein jobb han har hatt sidan 2014. Vidar Øvrebø er gift og har to born som framleis er i tenåra.

Øvrebø har elles variert yrkesbakgrunn, og har vore tilsett i Hydro aluminium, han har vore innkjøpsdirektør i Aker Yards og dagleg leiar i Sekom (interkommunalt selskap for tilrettelegging av saker for kontrollutvala i kommunane). 
I tida som avdelingssjef for Pasientreiser har Øvrebø delteke i fleire regionale og nasjonale prosjekt.

- Eg søkte då stadleg leiar i Lærdal vart utlyst, fortel Øvrebø.  - Då tilbodet kom, takka eg ja fordi eg etter eitt år framleis ser at det er spennande oppgåver knytt til denne stillinga. No er det kjekt å få tilliten til å halde fram på meir permanent basis. Dessutan har Lærdal sjukehus kvalitetar som eg har tykt det har vore viktig å bidra til å ivareta, noko eg no har tenkt å halde fram med. ​

Det var fem søkjarar til toppstillinga ved Lærdal sjukehus.