Vi markerer byggestart!

Måndag 20. mai markerer Helse Førde starten på det største byggeprosjektet i Førde sentralsjukehus si historie, og det største bygningsprosjektet i fylket. Dermed inviterer vi  interessentar, samfunns- og næringsaktørar samt politiske aktørar og samarbeidspartar til ei markering med brei informasjon om prosjektet.

​Arrangementet vil mellom anna innehalde presentasjon av prosjektet Nye Førde sjukehus, synfaring på byggetomta enkel servering og musikkinnslag.

Store ringverknader
I tillegg til den meir formelle delen av programmet er det sett av tid til at aktørane kan treffe kvarandre i ei meir uformell setting.
Bygginga av Nye Førde sjukehus startar med nybygg for psykisk helsevern, og dette er startskotet for eit prosjekt som vil gje store ringverknader både i nærområdet og i fylket elles i åra framover.

Sikrar tilbodet i framtida
Dagens utgåve av Førde sentralsjukehus vart i all hovudsak ferdigstilt i 1979, og fyller såleis 40 år i år. Etterkvart som det nye blir ferdig, vil sjukehusprosjektet vere med på å sikre at folk i fylket vårt får moderne, trygge og tilpassa spesialisthelsetenester også i framtida. Byggeprosjektet inkluderer ein heilskapleg plan for alle Helse Førde sine bygg i Sogn og Fjordane.

Ramme: 1,6 mrd.
Den økonomiske ramma for prosjektet er på 1,6 milliardar kroner.  Når ferdigstilt har vi fått eit nytt bygg for psykisk helsevern og somatikk, medan eksisterande areal for poliklinikkar, sengepostar, operasjonsavdelingar, sterilsentral m.m. er ombygde og utvida.