HELSENORGE

Vi bur oss på ekstremveret

I skrivande stund veit ingen korleis ekstremveret Gyda vil slå ned. Vi må bu oss på ei rekke scenario, og dette er nokre av dei tiltaka Helse Førde set i verk:

  • Der det er mogeleg og blir vurdert som naudsynt, vil Helse Førde bemanne opp med ekstra helsepersonell på ambulanseoppdraga.
  • Ambulansetenesta har onsdag hatt auka møteaktivitet og informert ambulansestasjonane saman med AMK-sentralen.
  • Det vert auka vaktordning på dagambulansane, slik at desse går i døgnvakt ved stasjonane i Stryn, Lærdal og Sogndal fram til og med fredag. Deretter vurderer vi vidare vaktordning ut frå situasjonen.
  • Sognefjorden indre skal dekkast med bruk av redningskøyta på Leikanger. Dersom det vert større utfordringar inst i Sognefjorden, er det aktuelt å styrke beredskapen med ein ekstra ambulansebåt.
  • Det vert også arbeidd med å skaffe dispensasjon for  å kunne bruke den nye tunnelen i Kjøsnesfjorden for ambulansar i uversperioden. 
  • Det er etablert ei felles kommunikasjonsløysing i nødnett for helseføretak, kommunar, nødetatar, statsforvaltar og andre viktige samfunnsaktørar.
  • Pasientar med time ved poliklinikk, som får vanskar med å reise til og frå sjukehuset, vert oppmoda om å melde avbod. Meld frå til oss, så får du ikkje gebyr for manglande oppmøte. Dersom ein ikkje har tilgang til telefontenester, og såleis ikkje får meldt ifrå, slepp ein også gebyr for ikkje å ha møtt.
  • På toppen av dei tiltaka som er nemnd her, gjennomfører Helse Førde ei rekke beredskapstiltak internt. Desse berører Helse Førde sine tilsette og våre interne medisinske, tekniske og organisatoriske system, og blir gjennomført for å trygge deg som er pasient best mogeleg i denne situasjonen.​