HELSENORGE

Verdsdagen for lindrande behandling

Helse Førde saman med samarbeidspartar markerer Verdsdagen for lindrande behandling med eit folkemøte i Florø måndag 3. oktober. Tema er "Snakk om døden".



Overlege Helge Sårheim og sjukehusprest Helene Langeland vil dele tankar, erfaringar og refleksjonar omkring døden og livet.

Folkemøte - "Snakk om døden"

Stad: Kafe Havglytt i Florø, Hans Blomgate 10
Dato: 03.10.22
Klokka: 18.00-20.00
Musikalsk innslag
Enkel servering
Arrangementet er gratis

Arr: Helse Førde, Kinn kommune, Kreftforeningen og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest​.

Innleiarane på møtet:
Overlege Helge Sårheim i lindrande/palliativt team og sjukehusprest Helene Langeland jobbar begge med alvorleg sjuke og døyande i Helse Førde.​

Verdsdagen for lindrande behandling

Kvart einaste år vert den internasjonale dagen for lindrande behandling markert med mange arrangement verda over. Tema for vårt lokale arrangement er å snakke om døden og stille dei vanskelege spørsmåla.​

 

JEG FINNER NOK FRAM
Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype.
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok fram.
Kolbein Falkeid
Den sjuke og dei pårørande har mange tankar, bekymringar og uro over den situasjonen dei er komen i. 

Er det lindring for mine smerter og plager? Er det smertefullt å døy? Tek ikkje morfin livet av meg? Kven er der for meg når eg skal døy? Kan vi finne livsglede når døden er ein uønska gjest som bankar på? Skal vi frykte døden, eller kan vi finne meining i det meiningslause?

Blir livet meir levande fordi vi veit at vi skal døy? 
Kan eg snakke om døden med den som er sjuk? Kva tid passar det å snakke om døden? Er det ikkje ein falitterklæring å snakke om døden når medisinske framsteg gjer at fleire lever lenge med vissa om at de snart skal døy? 

Døden er ein realitet for alle menneske, og døden er eit mysterium. Kan ein gjere dette mysteriet mindre ved å snakke om døden?

Velkomen til ei stund med undring og refleksjon i godt lag med Helge og Helene.


Lenke til artikkel på
Kreftforeningen.no

​​