Veidekke innstilt til sjukehusbygg i Førde

Livabygget.png

Planteikninga viser Livabygget, nybygget for somatikk ved Førde sentralsjukehus.                                                           Illustrasjon Helse Førde


Avtalen sikrar firmaet kontrakt for samhandling og opsjon på bygging av fire delprosjekt. Avgjerda om dette blei teken i styret Helse Førde fredag ettermiddag.

Andre byggesteg i prosjekt Nye Førde sjukehus (NFS) er nybygget til somatikk (Livabygget). Kontrakten omfattar i tillegg ombygging av eksisterande psykiatribygg (Angabygget) og ombygginga av høgblokka (Svanabygget). Totalkostnaden for byggestega er rekna til rundt 900 millionar kroner.

Det var to gode tilbydarar på denne delen av sjukehusutbygginga, Veidekke Entreprenør AS og Åsen & Øvrelid AS. Dei to tilbydarane er evaluerte etter tre kriterium; pris, kompetanse og erfaring samt oppgaveforståing og gjennomføringsplan.

- Etter ei samla vurdering har vi komme til at tilbodet frå Veidekke er best i høve kriteria for konkurransen, seier administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde.

Samhandlinga med entreprenør tek til i slutten av januar og skal vare til midten av juli. Deretter skal føretaket ta stilling til å inngå kontrakt om oppføring av Livabygget.

Målet med samhandlingsfasen er å kvalitetssikre at alle delar av prosjektet er i tråd med kostnadsrammene. Dette skal trygge eit balansert og avklart forhold mellom Helse Førde som byggherre og entreprenøren i høve gjennomføringa av byggearbeidet. På denne måten ønskjer helseføretaket å sikre kvalitet og gode løysingar som tilfredsstiller dagens krav til sjukehusbygg.