Vedtok mandat for ambulanseplan

Styret i Helse Førde godkjende måndag mandatet for fase to i arbeidet med ny prehospital plan i Helse Førde.

Planen er at styret i Helse Førde skal ha eit utkast til rapport opp i møtet som skal vere i mars 2019. Den nye planen for prehospitale tenester skal deretter på høyring, før det vert gjort endeleg vedtak i styremøte 21. juni.

Tidsplanen er ambisiøs, og på styremøtet i Helse Førde måndag gav fleire av styrerepresentantane signal om at framdriftsplanene ikkje skal vere noko tvangstrøye.

-  Det er viktig å gje rom for høyringsrunden, om nødvendig får vi heller tole å bruke noko meir tid, sa styreleiar Agnes Landstad.

Delmål

I mandatet er desse sju delmåla sett for arbeidet som skal skje fram til neste sommar:

  • Avklare og konkretisere samhandling mellom helseføretak og kommunar for dei prehospitale tenestene
  • Avklare og konkretisere samhandlinga mellom dei prehospitale og hospitale tenestene i Helse Førde
  • Tilrå struktur og organisering for bil– og båtambulansetenesta, inklusive driftsmodell
  • Tilrå kva bemanningsmodell som skal vere gjeldande i bil- og båtambulansetenesta
  • Avklare korleis kontinuerleg kompetanseutvikling skal ivaretakast
  • Vurdere behov for og nytte av teknologi og innovative løysingar i dei prehospitale tenestene
  • Vurdere og tilrå kva styringsinformasjon som trengst i drifta av tenestene, for løpande tilpassing av tenesta og for å betre samhandlinga

Samhandling med kommunane

Første fase i arbeidet med ny prehospital plan var ei omfattande kartlegging som blei avslutta med at styret godkjende kartleggingsrapporten i juni. I etterkant av kartlegginga gjorde styret vedtak om følgjande tre punkt som arbeidet i fase to skal leggje vekt på:

  • Fleksible løysingar med god logistikk for til kvar tid sikre innbyggjarane eit best mogeleg tilbod
  • Rom for vidare utvikling/endring av dei prehospitale tenestene der ein tek omsyn til endring i innbyggjartal, utvikling i infrastruktur, teknologi og eksterne krav til tenesta
  • Samhandling med kommunane for å levere akuttmedisinske tenester

Prosjektgruppa

I tillegg har Helse Førde-styret også understreka at utgangspunkt for fase to skal vere inntektssystemet sine kriterium og rammer for 2018. Og vidare at omsyn til tenesta sine kvalitetskrav, arbeidstidsordningar for dei tilsette, den teknologiske utviklinga, samt å sjå fylket under eitt, skal og vere sentrale føringar for korleis dei endelege prehospitale tenestene skal modellerast.

I prosjektgruppa som skal arbeide fram den nye planene for prehospitale tenester sit kommunerepresentantar, fagfolk frå Helse Førde, tillitsvalde og brukarrepresentantar. Direktør for kirurgisk klinikk, Tom Guldhav, er prosjektleiar.

Her kan du lese saka som blei lagt fram for styret.

Og dette er mandatet for arbeidet.

Under ligg presentasjonen som blei vist til styret:

Presentasjon plan for prehospitale tenester.pptx