Vanskar med straumforsyninga i Lærdal

Arbeidet med å skifte hovudstraumtavla ved Lærdal sjukehus har skapt utfordringar for straumtilførselen til sjukehuset. Arbeidet tok til måndag kveld. Slik det ser ut no vil sjukehuset vere i normal drift att torsdag ettermiddag.

Omkopling av straumkursar måndag kveld og natt til tysdag gjorde forsyninga ustabil. Helse Førde har auka ambulanseberedskapen i området. Planlagd poliklinisk aktivitet går i hovudsak som normalt.

- Vanskane med straumforsyninga har ikkje ført til alvorlege hendingar, understrekar Terje Olav Øen, beredskapssjef i Helse Førde.

Normal planlagd aktivitet

Det er innført inntaksstopp ved sjukehuset. Pasientar som normalt ville blitt lagt inn i Lærdal, er omdirigerte til Førde sentralsjukehus. Etter eit statusmøte tysdag morgon er det klart at den planlagde aktiviteten går som normalt. Straumforsyninga til poliklinikkar, laboratorium og røntgen er stabil.

- Vi har sett i verk ei rekkje tiltak for å sikre god beredskap. For å vere på den sikre sida har vi avgjort å flytte inneliggande pasientar frå Lærdal til Førde. I tillegg blir pasientar som skulle hatt dialyse i Lærdal, også overførte til Førde for å få denne behandlinga, seier Øen.

Truleg normal drift torsdag

Beredskapen med bilambulanse blir auka, slik at det blir ståande to døgnbilar i Lærdal. I tillegg til ambulansehelikopteret i Førde, er også luftambulansestasjonen på Ål og Hovudredningssentralen (HRS) orienterte om situasjonen. HRS styrer redningshelikopteret i Florø.

Arbeidet med å legge om hovudstraumtavla starta måndag kveld og skulle etter planen vere avslutta onsdag kveld. Etter siste statusmøte, onsdag ettermiddag, ser det no ut til at sjukehuset vil vere i normal drift torsdag ettermiddag.

Sjukehuset vert i denne perioden forsynt via reservekraft. Fire aggregat skal sikre straumforsyninga.

Beredskap

Det var varsla at innkoplinga av aggregata ville gje bortfall av straum i kortare periodar, men det var ikkje venta at vanskane skulle bli så store. Legevaktene i området har vore informerte om arbeidet.

Lærdal sjukehus har vore i beredskap sidan arbeidet tok til måndag kveld. Tysdag ettermiddagen blei beredskapen heva til gul. Det er etablert lokal beredskapsleiing som følgjer situasjonen.