
Overlege Kristian Sørland Humborstad var mellom dei første tilsette i Helse Førde som fekk koronavaksine. Hygienesjukepleiar Laila Aarnes gjer deg klar til å setje sprøyta.
Det blir ein ny runde med vaksinering i Førde i morgon. Onsdag står Nordfjord sjukehus for tur, før det vert meir vaksinering Førde torsdag og deretter Lærdal på fredag. Nokre tilsette vil først få vaksine neste veke.
Helse Førde har fått 336 vaksinedosar i denne omgang. Dette er ikkje nok til å vaksinere alle medarbeidarar som bør ta vaksinen, men det er gjort ei prioritering ut frå tilgjengeleg vaksine. Alle som skal ta vaksinen, blir kontakta og får tildelt tid for vaksinering. Vaksinen blir sett i to omgangar, og dei som blir vaksinerte skal revaksinerast når det har gått minst 21 dagar.
Målet med vaksineringa er å sikre kapasiteten i spesialisthelsetenesta, slik at sjukehusa kan oppretthalde kritiske funksjonar og behandle både covid-19-pasientar og alle andre pasientar med behov for sjukehustenester. Vaksineringa skal skje i veke 2 og 3, med oppfølging i veke 5 og 6.