Utviklingsplan sendt på høyring

Helse Førde har no sendt framlegget til utviklingsplan på høyring. Planen skal legge retning og gje ramme for å utvikle framtidas spesialisthelsetenester for innbyggarane i Sogn og Fjordane.

​Den nye utviklingsplanen skal syne hovudutfordringane, og peike på korleis desse skal løysast innanfor dei føringar som gjeld og dei ressursar og rammer føretaket har til rådvelde. I kapittel seks i planen skisserer føretaket følgjande innsatsområde og hovudmål:

InnsatsområdeOverordna målsetjing
6.1 Pasientens helseteneste - brukartilfredsheitLegge til rette for større grad av medverknad, og for tilgjengelege, likeverdige, og individuelt tilpassa spesialisthelsetenester
6.2 Pasientbehandling – fagleg prioritering, pasienttryggleik, kvalitet og pasientopplæringStyrke det faglege tilbodet innan prioriterte område, og gje betre høve for medverknad gjennom eigenmeistring og førebygging.
6.3 Oppgåvedeling og samhandlingSamarbeide for å utvikle ei meir einskapleg helseteneste som koordinerer behandlingsforløpa og gir tenestene på beste effektive nivå 
6.4 Organisering og leiingVidareutvikle organisasjonen og leiinga si evne til å levere spesialisthelsetenester av god kvalitet på ein effektiv måte
6.5 Bemanning og kompetanseStyrke rekruttering, kompetanseutvikling og stabiliseringstiltak for å sikre medarbeidarar med rett kompetanse for framtida
6.6 Forsking og innovasjonForsking av høg kvalitet og innovasjon som skal forbetre helsetenestene og fremje meistring og helse
6.7 ØkonomiHa berekraftig drift slik at føretaket kan gjere naudsynte investeringar og sikre handlingsrom for kjerneoppgåvene.
6.8 Teknologi og utstyrI aukande grad ta i bruk tilgjengeleg teknologi som kan bidra til betre tenester.
6.9 ByggNytte mogelegheitene i dagens bygningsmasse, og sikre at om- og nybygg er innretta på moderne drift og har fleksibilitet for framtidige endringar i spesialisthelsetenesta.
6.10 Påverknad av omverdaVere ein aktiv samfunnsaktør, nytte ressursar og kompetanse for å fremje samarbeid og innovasjon på tvers av fag og næring.

Utviklingsplanen skal omfatte alle delar av helseføretaket sine oppgåver. Kjerneoppgåvene er  klinisk verksemd, opplæring, forsking og utdanning.

Her kan du lese heile utviklingsplanen:

 Høyringsutkast utviklingsplan Helse Førde 2018 - 2035.pdf

Vedlegget under er ein presentasjon som tek deg gjennom hovudtrekka i utkastet til ny utviklingsplan:

Presentasjon høyringsrunde utviklingsplan.pdf

Alle helseføretak i landet skal ha utarbeidd utviklingsplan for verksemda innan 2019. Ein utviklingsplan er ein overordna plan for korleis helseføretaket vil utvikle verksemda for å møte framtidig behov for helsetenester. Planen skal peike på ønska utviklingsretning for sjukehusa i Helse Førde, og tiltak som er nødvendig for å møte utfordringane framtida set til oss.

I høyringsbrevet går det fram at Helse Førde spesielt ønskjer svar på fire spørsmål:

    • I kva grad inneheld planen dei rette måla, utviklingsområda og rett ambisjonsnivå? 
    • Er det område som manglar eller er for lite framheva?
    • I kva grad peikar planen på dei viktigaste samhandlingsområda? 
    • Er det andre moglegheiter for innovasjon og utvikling? 

Høyringsfristen er 12. mai. Etter det skal føretaket arbeide aktuelle innspel og kommentarar inn i ein endelege versjon som styret i Helse Førde tek stilling til i vår.