Utviklingsplan med ti innsatsområde

Den nye utviklingsplanen for Helse Førde legg vekt på endring med pasienten i fokus. I planen listar føretaket opp ti innsatsområde og mål for framtida.

Marianne Kleppe Nordal (til v.) og Anne Kristin Kleiven har vore sentrale i arbeidet med utviklingsplan. 

Tilbakemeldingane i høyringsrunden og frå styret har vore gode.

- Dette er ein kjempegod plan som er lett å lese. Den gjev eit godt innblikk i kva Helse Førde skal vere framover, sa nestleiar i Helse Førde-styret, Anne Sissel Faugstad, då planen blei vedteken på siste møte før ferien.

Tilpassa framtida

Planen legg opp til å auke endringstakt og omstilling. Helse Førde må tilpasse spesialisthelsetenesta til endringar i behov, krav og forventningar, nye moglegheiter (t.d. metodar) og rammer. Føretaket må investere i kompetanse, forsking, medisinsk-teknisk utstyr og bygg.

- Vi har opplevd stort engasjement og har fått mange innspel i planprosessen, seier Marianne Kleppe Nordal. Ho har vore prosjektleiar for arbeidet.

Mål og ambisjonar

Eit eige kapittel i planen (kapittel seks) skisserer ti overordna innsatsområde og mål for arbeidet framover. Desse finn du her:

Mål utviklingsplan.PNG

I føreordet listar Helse Førde i tillegg opp seks punkt opp ambisjonane til føretaket, og kva grep som må gjerast for å løyse utfordringane:

  • Ha pasientane i fokus, og vurdere korleis oppgåvene best kan løysast for dei gjennom heile forløpet
  • Styrke kvalitet og kompetanse, satse på medarbeidarane  
  • Ta i bruk teknologi på nye måtar for å vere meir tilgjengelege og legge betre til rette for eigenmeistring
  • Samarbeide betre, både internt og med kommunane for gode overgangar mellom nivåa
  • Organisere oss slik at vi kan hjelpe pasientar heime eller nær heimen, slik at dei, eventuelt i samarbeid med pårørande, i større grad kan hjelpe seg sjølve
  • Investere i moderne utstyr og areal, og nytte dette endå betre i nye driftsformer

På denne sida kan du lese heile planen.

Utviklingsplanen gjeld for perioden fram mot 2035, men skal reviderast når det har gått fire år. Planen byggjer på utviklingsarbeidet Helse Førde er i gang med, og gjev ambisjonar for det vidare endringsarbeidet. Det er sett i gang ei rekke utviklingsprosessar som ikkje er ferdige. Samla plan for prehospitale tenester og framtidig tilbod ved Lærdal sjukehus er døme på utviklingsarbeid som er i gang.

Det er ikkje framlegg om å endre struktur i perioden, men Helse Førde må også i åra framover tilpasse og justere kvar, og i kva omfang, føretaket skal yte spesialisthelsetenester.

- Frå hausten startar arbeidet med å iverksetje tiltaka i planen. Utviklingsplanen skal danne grunnlag for endringane som må til for å vidareutvikle spesialisthelsetenesta, seier utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven.