Utvikling i talet på tilsette

I media er representantar for legeforeininga i Helse Førde nyleg sitert på at talet tilsette i administrasjon har auka mykje sidan 2014, medan talet legespesialistar har gått ned. Leiinga i Helse Førde ser det no nødvendig å kommentere saka.

​I oppslaget frå NRK Sogn og Fjordane er legeforeininga sitert på at talet netto månadsverk i administrasjonen har auka frå 324 (2014) til 346 (2016), medan det samstundes vart færre legespesialistar i Helse Førde. Oppslaget er også referert til andre stader, mellom anna på leiarplass i Sogn Avis.

Det er særleg to forhold som gjer at legeforeninga sitt utspel gir eit skeivt bilete av saka. Det eine er at kategorien stillingar legeforeninga syner til inneheld svært mange pasientretta stillingar, og derfor ikkje gjev eit godt bilete på forholdet mellom administrasjon og pasientbehandling. Det andre er at talet på legar og sjukepleiarar har auka meir over dei siste fire åra.

Tal over ulike stillingskategoriar er vanskeleg å samanlikne, fordi kategoriane i statistikken ikkje alltid er like. Det legeforeninga kallar «administrasjon» er i Helse Førde organisert i klinikken Stab og støtte, og har eit fleirtal av stillingar som er direkte pasientretta, til dømes inneheld denne kategorien følgjande:

  • Husøkonomi - 50 månadsverk (mellom anna reinhald)
  • Matforsyning - 41 månadsverk
  • Portøravdelinga FSS - 33 månadsverk (portørar, ekspedisjonen og pasienthotellet)
  • Teknisk drift - 32 månadsverk
  • Pasientreiser - 20 månadsverk
  • Fag og utviklingsavdelinga - 52 månadsverk (forsking, kvalitetsarbeid, smittevern med vidare)

Det betyr såleis at under halvparten av denne klinikken er reine administrative stillingar, slik som leiing, HR, økonomi, IKT, kommunikasjon, arkiv, jus og beredskap.

Det er rett at det har vore ei styrking av stab og støtte frå august i fjor. Dette skuldast i hovudsak tre faktorar:

  • Bemanningssenteret med 8,3 månadsverk. Oppretta 1. september 2016. Dette er Helse Førdes eige «vikarbyrå» med sjukepleiarar som arbeider der det er behov, for å koordinere vikarbruken betre og avlaste avdelingane/leiarane sitt arbeid på dette området.
  • Pasientens helseteneste og prosjektorganisasjonen for nye Førde sjukehus inneber at organisasjonen har hatt behov for å hente inn kompetanse for å gjennomføre planarbeidet. Dette inneber ein auke med 7,1 månadsverk. Nokre av desse er henta inn frå eigen organisasjon. Dersom vi ikkje hadde eigne tilsette til dette arbeidet, ville føretaket måtte kjøpe dyrare konsulenttenester.
  • Pasientreiser auka med 4,7 månadsverk. Grunnen er meiroppgåver som følgje av at vi fekk ansvar for pasientreiser i heile Helse Vest.

Stab og støtte arbeider med å effektivisere drifta i alle avdelingane og redusere tal stillingar på grunn av budsjettkrav og å tilpasse drifta til endra arbeidsmodellar i føretaket.

Nasjonale tal frå Statistisk Sentralbyrå syner utviklinga i årsverk etter yrke i spesialisthelsetenesta.

Talet på årsverk innanfor administrasjon, leiing og kontorpersonell i Helse Førde auka med 10 prosent i perioden 2012 til 2016. Til samanlikning vaks talet årsverk for legar i føretaket med 17 prosent, psykologar med 28 prosent og sjukepleiarar med 16 prosent.

–  Det er heilt legitimt å ha meiningar om kvar Helse Førde skal kutte. Vi både håpar og ventar at tilsette engasjerer seg og gjev innspel til den vanskelege økonomiske situasjonen vi er i. Vi vonar legeforeninga kan drøfte endringar med oss ut frå ei felles forståing av kva type stillingar det er tale om, seier konstituert adm. direktør Børge Tvedt.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​