
Helse Førde har tilsett Agnes Matusiak (49) som den fjerde overlegen på medisinsk avdeling på Nordfjord sjukehus.
Matusiak har arbeidd hos oss tidlegare, og hadde mellom anna sitt arbeidsområde på eldemedisinsk poliklinikk og diabetspoliklinikken.
Medisinsk avdeling vil gå gjennom tilbodet på sjukehuset i haust, og har som mål at eldremedisinsk poliklinikk skal vere oppe å gå igjen i løpet av hausten.
Matusiak byrjar i stillinga den 1. september.