Utlysing av Helse Vest RHF innovasjonsmidlar 2020

- Søk om innovasjonsmidlar no

Helse Vest lyser ut midlar til innovasjonsprosjekt i 2020. Dersom du har ein god ide til forbetringar på sjukehuset for anten pasientar, pårørande eller tilsette bør du søkje! Fristen er 15.september.

-Alle medarbeidarar i Helse Førde som går rundt med ein god ide i magen, som kan skape ei betre helseteneste, bør søkje, oppfordrar seksjonsleiar for forsking og innovasjon Guro Mjanger.

Det er mogleg å få midlar både til store og små prosjekt, og det er ikkje noko øvre grense for kor mykje midlar ein kan søkje om.

 

Korleis søke

Du melder inn ideen din via Idemottaket.
Her finn du også lenke til søknadsskjema. Etter at søknadsfristen er gått ut skal alle som søkjer få moglegheiten til å pitche ideen sin for ein vurderingskomite. I komiteen sitt interne representantar, i tillegg til representantar frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

I fjor var den totale ramma på 9,25 millionar kroner for Helse Vest, men ein veit førebels ikkje kva ramma for 2020 vert.

Sånn er prosessen

  • Frist for å søke er 15.september
  • Søkjarar skal pitche ideen sin for ein vurderingskomite 20.september
  • Vurderingskomite vedtek prioritering av ideane
  • Leiargruppa i Helse Vest vedtek og tildeler midlar ved slutten av 2019.

Kven kan søkje?

  • Initiativ eller prosjekt som støttar opp under forbetring –og nyskapingsarbeid. Det som er nytt, nyttig og kan nyttiggjerast av Helse Førde
  • Alle fagområde kan søkje – det viktige er at det er nytenkande og skapar verdi for pasientar, pårørande eller tilsette

     

    Søknadsskjema og kriterier finn du på Idemottaket.

    Har du spørsmål? Ta kontakt med Gro Rukan 913 21 392/ gro@kpsf.no, eller Guro Mjanger 99258047/ guro.mjanger@helse-forde.no

     

    Kven fekk midlar i 2019? Les her