HELSENORGE

Ut av beredskap

Helse Førde avviklar no beredskapen i samband med koronapandemien. Frå klokka 12 i dag går føretaket ut av beredskap.

​– Vi håpar å sleppe å setje beredskap fleire gonger, men dersom det skulle bli nødvendig i samband med ein ny smittetopp er vi klare for det, seier administrerande direktør Arve Varden.

Også dei andre helseføretaka i regionen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Bergen - i tillegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus, Sjukehusapoteka Vest og det regionale helseføretaket, er ikkje lenger i beredskap.

Stolt over i​​nnsatsen

Helse Førde gjekk i grøn beredskap 12. mars 2020. Sidan har beredskapen veksla mellom grøn og gul, bortsett for perioden 11. juni til 5. november i fjor då fallande smittetal, færre innleggingar og god vaksinasjonsdekning gjorde at beredskapsstastusen var avvikla.

– Eg syns vi har takla pandemien på ein svært god måte. Det har vore arbeidskrevjande, og eg er stolt over innsatsen og engasjementet medarbeidarane har lagt ned. Og så skal vi også ta med at sjølv om dette har vore ein tung periode, har vi som sjukehus lært mykje som vi tek med oss vidare.

Vidareføre​​r nokre tiltak

Gjennom pandemien har i alt 214 pasientar vore innlagde i Helse Førde med covid-19. Nesten halvparten av desse har vore over 65 år.

– Vi har aldri hatt så mange innlagde som dei siste månadene, men det vi ser er at desse ligg kortare tid. Det er også ei god stund sidan vi har hatt pasientar med behov for intensiv behandling, seier Varden.

Det vil framleis vere ekstra smitteverntiltak i delar av sjukehuset. Tilsette bør framleis bruke munnbind ved nær kontakt med pasientar. På same måte oppmodar vi også besøkande til å bruke munnbind ved nær kontakt med  pasient. Er du sjuk, t.d. med symptom på luftvegsinfeksjon, bør du så langt råd er avstå frå å besøkje sjukehusa våre. 

Årsaka til at føretaket held på tiltak enno ei tid, er at det framleis er mange koronasjuke og i tillegg ein god del influensasmitte i området.​

Om bered​​skapsnivåa

Grøn beredskap er det lågaste nivået. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd. 

Gul beredskap vil seie at ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Når ein set raud beredskap, har ei alvorleg uønskt hending skjedd. Det er eit stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.