Unikt samarbeid om folkehelsedata

Eit unikt samarbeid mellom fleire offentlege instansar i fylket er etablert med intensjon om å etablere eit kompetansemiljø rundt eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid.

 

Kommunane ved KS, Folkehelseavdelinga i Flora, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NAV Sogn og Fjordane er partar i samarbeidet. Partane har etablert ei styrande gruppe leia av fylkeskommunen, og ei arbeidsgruppe der representantar frå Flora kommune, høgskulen, fylkeskommunen og Helse Førde deltek. Arbeidsgruppa er leia av Helse Førde, og har i løpet av våren 2017 greidd ut behov og føresetnader for eit samarbeid knytt til publisering av folkehelsedata og tolking, analyse og faglege utgreiingar av datamaterialet. Eit grunnlagsdokument som partane er samde om ligg til grunn for arbeidet.

God oversikt

Utgangspunktet for samarbeidet er lov om folkehelse sitt krav om helseoversiktsoversiktsdokument og behovet kommunane og fylkeskommunen har for kvalitetssikra data og kunnskap. God oversikt over helse og påverknadsfaktorar er avgjerande viktig for å identifisere utfordringane som skal gje grunnlag for avgjerder og tiltak i det fortløpande folkehelsearbeidet og arbeidet med kommunal og fylkeskommunal planlegging i tråd med plan og bygningslova. Statlege, private og frivillige aktørar har også behov for data i forbetringsarbeid, undervisning, forsking og fagutvikling, og deira behov skal også ivaretakast i samarbeidet.

Krevjande arbeid

Folkehelsearbeid er komplekst og tverrsektorielt. Erfaringar til Folkehelseavdelinga i Flora, der dei har arbeidd med helseoversiktsdokumentet i 10 kommunar, syner at dette er krevjande arbeid for kommunane å gjere åleine. Det er behov for å samle ressursane som arbeider med innsamling, publisering og tolking av folkehelsedata. Samarbeidspartane har samla sett dei tekniske systema og den faglege kompetansen ein treng, men samarbeidet er ikkje systematisert og ein jobbar i dag for mykje kvar for seg. Dei samla ressursane må settast i system på ein måte som sikrar at kunnskap om folkehelse vert utvikla og gjort tilgjengeleg for dei som treng det, samt hindrar dobbeltarbeid og overvaking som ikkje er føremålstenleg.

Gjere kunnskapen tilgjengeleg

Sentrale oppgåver vert å samle relevante folkehelseindikatorar på ein plass, og gjere faktakunnskapen tilgjengeleg. Dette vi lette arbeidet med å ha oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar på alle nivå, og vere nyttig for undervisning, studentarbeid og forsking og til bruk i helse- og omsorgstenesta/spesialisthelsetenesta.

Basert på arbeidsgruppa sitt arbeid har den styrande gruppa fremja forslag om å etablere eit prosjekt som skal greie ut føresetnader, organisering og oppgåver for eit forpliktande samarbeid. Omfanget av arbeidet skal avklarast i løpet av hausten.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​