Tryggare tolketenester med ny teknologi

Meir enn 98 prosent av alle tolkeoppdrag i Helse Førde blir i dag utført av kvalifiserte tolkar. Sluttrapporten frå  tolkeprosjektet TikkTalk viser oppsiktsvekkande resultat. 

I følgje ein fersk rapport frå Integrering- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) brukar offentleg sektor årleg 829 millionar kroner på tolketenester. Berre ein tredel av alle tolkeoppdrag blir utført av kvalifiserte tolkar (Trong for tolk i 2017, sep. 2018). Tolkeforeningen fryktar for liv og helse, medan kvalifiserte tolkar står utan oppdrag. I følgje Tolkeforeningen er åtte av ti som tolkar for helseføretaka, ikkje kvalifiserte (Klassekampen, 1. september 2018).

Lettare tilgang, betre kvalitet, meir rettferdig
Helse Førde har dei siste to åra gjennomført eit "Offentleg forskings- og utviklingsprosjekt" (no kalla innovasjonsprosjekt) i samarbeid med IT-bedrifta Skiwo AS for å løyse fleire av desse utfordringane. Løysinga vart TikkTalk, ei ny tolketeneste som gjev ei rask og enkel tilgang på kvalifisert tolk. I tillegg til betre kvalitet, har Helse Førde fått større openheit i bestillingsprosessen, betre kvalitetskontroll og meir rettferdige vilkår for tolkane. Prosjektet har vore støtta av både Innovasjon Norge og Helse Vest.
 
Frå 24 til 98 prosent kvalifiserte
Sluttrapporten frå prosjektet viser oppsiktsvekkande gode resultat. Nivået på kvalifiserte tolkar, som utførte tolkeoppdrag gjennom den eksisterande leverandøren, låg på 24 prosent. I dag, med TikkTalk, får Helse Førde kvalifiserte tolkar i tilnærma alle oppdrag (98,3 prosent). For å vere ein kvalifisert tolk,  må ein vere registrert i det nasjonale tolkeregisteret.
- For å kunne behandle pasientar som ikkje meistrar norsk, er vi som helsepersonell heilt avhengige av kompetent og profesjonell tolk, seier anestesilege Gregers Halvorsen ved Førde sentralsjukehus. - Det har no vorte kjapt og enkelt å få tak i tolkar når vi har trong for det. Det er høg kvalitet på tolkane, og dei eg har snakka med på sjukehuset er nøgde. Det har vore eit stort kvalitetsløft å kunne ta i bruk skjermtolking, som ein integrert del av løysinga. Det å kunne sjå kvarandre gjev ein langt betre kommunikasjon enn når ein berre har tolken på telefon. Vi unngår dessutan mistydingar når vi kan sjå kvarandre, seier Halvorsen.  
 
Profesjonelt og presis
Ein annan brukar av systemet, Roland Hansen, sjukepleiar og regional koordinator på Lærings- og mestringssenteret og smertepoliklinikken i Helse Førde HF, seier:
- Vi har hatt fleire samtalar gjennom skjermtolking og vi er så nøgde! Skjermtolking gjennom TikkTalk har vore ei god oppleving for oss. Tolkane har vore profesjonelle og kom presis til tolkeoppdraga. Bildekvaliteten har vore god. Så vi er veldig glade for å ha hatt høve til å prøve dette ut, seier Hansen. 

Naudsynt verkemiddel
Undersøkinga gjort av IMDI peikar på store utfordringar i tolkebransjen. Utdaterte anbodsreglar som verkar mot si hensikt, fokus på låg pris og mangelfull oppfølgingskontroll utkonkurrerer kvalifiserte tolkar frå marknaden. Dette fører til at mange tolkar vel å gå over i andre yrke, og gjer det vanskeleg å skaffe kvalifiserte tolkar. 
Dette kostar samfunnet store ressursar og svekkjer rettstryggleiken. I ytste konsekvens kan det gå ut over liv og helse, konkluderte også Tolkeutvalget med i sin NOU-rapport: Tolking i offentlig sektor (NOU2014:8). 
- I Sogn og Fjordane, der kring 12 prosent av innbyggjarane har minoritetsbakgrunn, ser ein at trongen for tolk aukar. Tolking er eit naudsynt verkemiddel for å trygge lik tilgang til offentlege tenester i tilfelle med språkbarriere, seier prosjektleiar Nyonga Rugumayo Amundsen. 
 
Infrastrukturen ligg der
Helse Førde har vore langt framme i å bruke telemedisin for å kunne gje betre, tryggare og meir effektive helsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Helseministeren har fleire gonger vore på vitjing i region for å lære av telemedisinsatsinga til Helse Førde. Prosjektet byggjer vidare på infrastruktur i telemedisin.
- Verdien aukar jo fleire innovative tenester vi kan køyre over den infrastrukturen vi allereie har investert i, seier administrerande direktør for Helse Førde, Arve Varden.