HELSENORGE

Tronvik blir oppgradert til 20 døgnplassar

Styret i Helse Vest vedtok denne veka å oppgradere rusposten på Tronvik til 20 døgnplassar. Dermed blir institusjonen i Høyanger kommune ei sentral brikke i rusomsorga for heile Helse Vest-regionen.

​​
Bilete av ein mann med briller



- No er vi svært glade for å ha fått på plass eit kvalitativt godt og berekraftig tilbod til ruspasientar på Tronvik, seier direktør for psykiatrisk klinikk i Helse Førde, Børge Tvedt. - Dette er eit tilbod ikkje berre til pasientar i Helse Førde, men til pasientar frå heile helseregionen vår.


Styrkinga av Tronvik har samanheng med at Helse Vest legg opp til reduksjon i kjøp av eksterne behandlingsplassar innan TSB (tverrfagleg spesialisert rusehandling). Dermed aukar det regionale helseføretaket no kapasiteten på Tronvik frå 15 til 20 døgnplassar frå og med 2023. Helse Vest har signalisert eit sterkt ønskje om å vere dimensjonert slik at pasientane i regionen kan få behandling i Helse Vest sitt eige geografiske område. Arbeidet med å få dette på plass har pågått over lengre tid i både Helse Vest og Helse Førde.
- Utviding av det eksisterande tilbodet ved Tronvik inneber ei vidareutvikling av eit godt fungerande behandlingstilbod. Det bidreg til å gjere tilbodet meir robust og verkar stabiliserande for drifta ved denne eininga, heiter det i saksframlegget til styret i Helse Vest. 
Bilete av ein relativt stor betongbygning med parkanlegg framfor
FEM NYE PLASSAR: I dette bygget ved Tronvik er det i dag 15 døgnplassar. Frå og med 2023 aukar dette til 20. 
​Helse Vest har sett av 11,5 millionar kroner i budsjettet for 2023 til denne satsinga. Dette inneber om lag 12 nye årsverk, der 10,6 av desse er innanfor psykiatrien. Dei øvrige er til personell innan drift og eigedom. 

Tilsetjing av nytt personell startar til hausten.