Trine Vingsnes blir ny direktør for medisinsk klinikk i Helse Førde

Trine Hunskår Vingsnes (50) er tilsett i den ledige stillinga som klinikkdirektør for medisinsk klinikk i Helse Førde.

​Vingsnes er i dag fagdirektør i Helse Førde.
Vingsnes, Trine Hunskår (1)_jpg.jpg

Bakgrunn

Ho er utdanna lege og spesialist i indremedisin og hjartesjukdommar. Ho har ein mastergrad i helseleiing, økonomi og kvalitetsforbetring. Ho deltok også på Nasjonalt toppleiarprogram i 2019.
Erfaring
Vingsnes har vore avdelingssjef ved medisinsk avdeling i medisinsk klinikk her i Helse Førde i perioden frå 2011 til 2017, og hadde eit vikariat som klinikkdirektør i kirurgisk klinikk frå 2017 til 2018. Sidan 2018 har ho vore fagdirektør.
Klinikken
I si nye stilling får Vingsnes ansvar for om lag 660 årsverk i medisinsk klinikk og eit brutto budsjett på 840 millionar kroner. Klinikken er sentral i pasientbehandlinga innanfor eit stort spekter av fagområde ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus.
Våren 2020
Noverande direktør i medisinsk klinikk i Helse Førde, Olav Hesjedal, går av for aldersgrensa våren 2020. Nøyaktig når Hesjedal skal gå ut i pensjon og Trine Vingsnes skal ta over, vert avklara på eit seinare tidspunkt.