Tre nye i Helse Førde-styret

Aud Ingrid Espeland, Hans Jacob Westbye og Arthur Norevik blir nye medlemer i styret for Helse Førde.

 

Espeland er vald av styret i Helse Vest, medan Norevik og Westbye er valde av dei tilsette.

Aud Ingrid Espeland er busett i Flekke. Ho er dagleg leiar i Fjord Invest, eit investeringsselskap i Førde som investerer i vekstselskap på Vestlandet. Espeland er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule. Hans Jacob Westbye er overlege ved avdeling for akuttmedisin i Helse Førde. Arthur Norevik er psykiatrisk sjukepleiar og klinikktillitsvald i sjukepleiarforbundet. Dei tre er valde for to år.

Landstad, Agnes (I).jpg

 Agnes Landstad   (bildet) er no også  formelt vald som styreleiar. Landstad har fungert sidan Jorunn Ringstad trekte seg frå styret av helsemessige årsaker i haust. Atle Hamar er nestleiar i styret.

Det nye styret i Helse Førde tek til å fungere 1. mars. Etter endringane denne veka blir styret sett saman slik: Agnes Landstad (leiar), Atle Hamar (nestleiar), Helge Bryne, Aud Inger Espeland, Harry Mowatt, Liv Stave, Randi Aven, Wenche Kristin Røkenes, Hans Jacob Westbye og Arthur Norevik. Dei fire sistnemnde er tilsetterepresentantar. Det nye styret tek til å fungere 1. mars.

Dei som går ut av føretaksstyret er Berit Hornnes, Geir Berge Øverland og altså Jorunn Ringstad.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​