Tre markante leiarar blir pensjonistar

Kjellaug Fredly, ass. avdelingssjef Kvinneklinikken - Joril Viken Sandnes, seksjonsleiar ved gynekologisk poliklinikk og Mari Veien Teige, ass. avdelingssjef for AAM, går over i pensjonistane sine rekkjer.

 

T.v. Mari V. Teige, Kjellaug Fredly og Jorill V. Sandnes.PENSJONISTAR: T.v. Mari Veien Teige, Kjellaug Fredly og Joril Viken Sandnes.

Kjellaug Fredly

var Kvinneklinikken sin assisterande avdelingssjef sidan 2000. I same periode har ho i tillegg jobba som jordmor på Fødepoliklinikken og som seksualrådgjevar for KK. Ho var den første i Helse Førde som tok ekstrautdanning som sexolog.

– Kjellaug har med sin stabilitet og struktur og sitt ryddige, varme vesen hatt stor betyding for dei endringar Kvinneklinikken har vore gjennom i høve organisering og utvikling over tid. Som assisterande avdelingssjef har Kjellaug alltid vore lojal og villa det beste for kvinnehelse og Kvinneklinikken. Ho har på ein grundig og dyktig måte alltid vore ajour med avdelingsrelaterte oppgåver og oppfølging av igangsette prosjekt, fortel Agnete Dissing Sættem, som i tolv år har vore avdelingssjef.

Ikkje minst har Kjellaug vore viktig for det gode samarbeidet som er mellom KK sine avdelingar i Nordfjord og Lærdal, mellom KK og kommunane i Sogn og Fjordane, mellom anna om jordmortenester. Kjellaug si gode evne til å lytte og vise omsorg, har prega hennar behandling av samarbeidspartnarar, personale og kollegaer med positive resultat.

Joril Viken Sandnes

har i ei årrekkje vore avdelingssjukepleiar for Gynekologisk poliklinikk ved FSS og har samstundes vore uroterapeut for KK.

– Gynekologisk poliklinikk har under Joril si leiing vore ei svært godt driven avdeling. Med Joril si evne og vilje til å omstille seg og ta på seg nye oppgåver og hennar overblikk, organiseringsevne, kreativitet og handlekraft - har avdelinga si drift blitt stadig meir effektiv og endringar er gjennomført til pasientane sitt beste. Også i høve til andre avdelingar har Joril si dyktigheit, kompetanse og samarbeidsevne vore viktig, påpeikar Dissing.

Ho har skapt eit gjensidig tillitsforhold med personale. Tilliten har gjort det mogleg å gjennomføre endringar og vore av stor betyding for poliklinikken si gode drift. Med sin tydelege og enormt omsorgsfulle personlegdom har Joril vore ein bauta for sitt personale og sine kollegaer.

Det har vore ei glede og eit privilegium å jobbe med Joril og Kjellaug, avsluttar Sættem.

Mari Veien Teige

er klok, kunnskapsrik, omsorgsfull, rettferdig, skikkeleg og jamt arbeidande for å nemne noko. Ho har vore kontinuitetsberar på AAM som assisterande avdelingssjef og avdelingssjef i 15 år, og har betydd mykje for mange som arbeider i avdelinga.

– Ho har eigenskapar som har gjorde ho til ei utruleg støtte, fortel avdelingssjef Robert Brennersted, ved AAM.

Mari har fungert som fødselshjelpar for alle nye leiarar som har kasta seg ut i det i avdelinga, og fått dei til å fly på eiga hand.

– For meg som avdelingssjef har ho vore ein klippefast støttespelar. Lojal og nøytral, ei å diskutere med utan eigeninteresse i sakene. Mari tar med seg alle sine gode eigenskapar i pensjonisttilværet, og eg unner hennar nære å få henne tettare på i det nye tilværet, avsluttar Brennersted.