HELSENORGE

Tre gonger Bestått mykje godt

Tre av tre fagprøver for lærlingar i helsefag er no gjennomført i Helse Førde.
Det har vore ei tid med stor spenning både for fagleg ansvarleg, veiledarar, leiarar, lærlingar og fagprøvenemnder. Og sjekk dette resultatet:

​• Ann-Kristin Frøyen har avlagt fagprøve ved kirurgisk sengepost
Resultat: Bestått mykje godt
• Sagal Abdullahi Ahmed har avlagt fagprøve ved medisinsk sengepost Nordfjord
Resultat: Bestått mykje godt
• Ann-Mari Sørensen har avlagt fagprøve ved NPS døgn
Resultat: Bestått mykje godt

fire blide kvinner som står utandørs på graset og feirar med jordbær og drikke.

FEIRING: Frå venstre Sagal, Ann-Kristin, Ann-Mari og koordinator Line.

- Også for meg personleg og som fagleg ansvarleg for lærlingar i helsefag er dette ein stor dag, seier utdanningskoordinator Line Hjorthaug. - Men ikkje minst er det ein stor dag for lærlingane, veiledarane, leiarane og Helse Førde i si heilheit. Resultatet inneber også at kvar av våre tre klinikkar har delteke i dette løpet.

Helse Førde viser med dette at vi er ein svært god læringsarena for lærlingar i helsefag. Fagprøvenemndene har vore svært nøgde, og er imponert over fagleg og personleg nivå på lærlingane våre. Men det er lærlingane sjølv som har gjort den største jobben.
Vi har hatt rettleiarar i alle klinikkar som har vore genuint interesserte i å rettleie og legge til rette for ei god læretid for lærlingane. Dermed ligg alt til rette for gode læringarenaer, samt fagleg og personleg utvikling for lærlingane.
- Det er også ein nøkkelfaktor at leiarane er gode tilretteleggarar og ivaretek lærlingar og rettleiarar gjennom læreløpet. Med tiltak som fagdagar og delprøver bidreg vi til fagleg fokus, tilrettelegging og trygging gjennom heile læreløpet, seier Hjorthaug.