Torstein Nygård blir forhandlingssjef i Helse Førde

Torstein Nygård er tilsett som forhandlingssjef i Helse Førde.

Torstein Nygård, ny forhandlingssjef i Helse Førde.JPG

Foto: Privat

Nygård kjem frå stillinga som avdelingssjef for HR-personal ved A-hus, der han òg har vore konstituert som forhandlingssjef. Han er 50 år.

Nygård er godt kjent med dei ulike tariffområda, men har dei siste ni åra hatt Spekter som tariffområde. Han har tidlegare arbeidd som offiser i Sjøforsvaret, leia personalseksjonen ved Norges Idrettshøyskole og vore personalsjef i Kripos.

Torstein Nygård vaks opp ut mot havet i Ervika i noverande Stad kommune, og har dermed tilknyting til området. Nygård tek til i stillinga 1. januar 2021.

Forhandlingssjefen vil få eit stort arbeidsområde. Han skal mellom anna ha ansvar for å leggje til rette for og gjennomføre løns- og særavtaleforhandlingar, samt handtere arbeidskonfliktar og streik.