Torgeir Finjord fekk kvalitetsprisen

Kvalitetsprisen i Helse Førde for 2019 er tildelt overlege Torgeir Finjord ved Førde sentralsjukehus.

Kvalitetsprisen 2019.jpg

Årets prisvinnar i sentrum med Arve Varden og Anne Kristin Kleiven på kvar side. Prisen er på 80 000 kroner og skal nyttast til vidare kvalitets- og forbetringsarbeid i medisinsk avdeling. Vinnaren får også eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås.

- Dette var veldig kjekt. Eg kjenner meg audmjuk, seier Finjord som vedgjekk at han blei litt stressa då hans namn blei ropt opp som vinnar på den årlege kvalitetskonferansen i Helse Førde. – Eg ante verkeleg ingenting.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det at Finjord får prisen for sitt systematiske forbetringsarbeid bygd på forskingsbasert kunnskap og klinisk erfaring, der målet heile tida er stadig utvikling av praksis til beste for brukarane.

Pasienttryggleik

I samband med innføring av tiltak for å betre pasienttryggleiken, har Finjord vore sentral innan undervisning på fredagsmøte, deltaking i prosjektgrupper og i arbeidet med innføring av ei rekkje tiltak. Han har syn for samarbeid og samhandling, og ser kva som er råd å få til i ein hektisk kvardag.

Finjord tok utdanning som lege ved universitetet i Oslo, og var ferdig i 1998. Etter turnustenesta var han eitt år som kommunelege i Jølster før han tok til på Førde sentralsjukehus. Han har teke spesialistutdanning i Førde og i Bergen, og er no spesialist i generell indremedisin og fordøyingssjukdomar.

Meiningsfullt

- Eg driv på med deg eg gjer fordi eg syns det er kjekt. Eg opplever det som meir meiningsfullt å vere lege i dag enn då eg kom ut nyutdanna. Den gongen var doktoren i fokus, no er det pasienten, seier prisvinnaren.

Finjord er også oppteken av kvalitet i utdanning av legespesialistar. Han er utdanningsansvarleg overlege i medisinsk avdeling, og underviser som lektor ved Universitetet i Bergen for studentane frå Bergen ved Førde Sentralsjukehus.

Arbeidskapasitet og -moral

- Finjord har særs stor arbeidskapasitet og har høg arbeidsmoral. Pasientar, pårørande og kollegaer får grundig og god oppfølging. Torgeir er ein særs dyktig overlege som Helse Førde er stolt av å ha tilsett, sa administrerande direktør Arve Varden då han delte ut prisen.

Prisen er på kr. 80.000 og skal nyttast til vidare kvalitets- og forbetringsarbeid i medisinsk avdeling. Vinnaren får også eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås.