Toppstillinga i Helse Førde er utlyst

Stillinga som ny administrerande direktør i Helse Førde er no lyst ut.

Under finn du annonseteksten til stillinga, samt lenke til søknadsskjema.

 

Administrerande direktør Helse Førde HF


Utfordrande leiarstilling i veldrive helseføretak

Til ein organisasjon med ein tydeleg identitet og engasjerte tilsette søkjer vi ein utviklingsorientert, tydeleg og handlekraftig administrerande direktør som også evnar å spele på lag og bygga gode relasjonar i heile føretaket.

Bakgrunn/erfaring

- Solid leiarerfaring på strategisk nivå i store og komplekse kompetanseverksemder.

- Dokumenterte gode resultat frå krevjande leiarstillingar, team- og kulturbygging og utvikling av organisasjon, leiarskap og medarbeidarskap.

- Dokumentert gode resultat frå leiing av strategi- og utviklingsprosessar så vel som erfaring frå økonomisk styring/- kontroll.


- God forståing for spesialisthelsetenesta sine rammevilkår og utfordringar

- Erfaring frå samarbeid med tilsette sine organisasjonar og vernetenesta.

- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Arbeidsspråket er nynorsk.

- Høgare relevant utdanning.

- Det vil vere ein fordel å ha erfaring frå offentleg sektor, og helst frå helsesektoren/ spesialisthelsetenesta.

Vi ser etter deg som er

- samlande, med god evne til å motivere, skape engasjement og bygge tillit internt og eksternt.
- strategisk og framtidsretta, resultat- og utviklingsorientert og har evne til å sette seg inn i komplekse problemstillingar.
- open, ærleg, sosial og omgjengeleg, og som er god på å utvikle gode relasjonar.
- ambisiøs, offensiv og drivande, og med tilstrekkeleg tålmod til å forankre og oppnå gode resultat.
- handlekraftig og har stor arbeidskapasitet med god gjennomføringsevne.

For meir informasjon om stillinga kontakt gjerne styreleiar Agnes Landstad, tlf 91546610, eller vår rådgjevar i prosessen, Per Inge Hjertaker hos Headvisor, tlf. 91729682. Kortfatta søknad med CV sendast snarast og seinast innan 20.sept via www.headvisor.no
    
Fulltekst stillingsannonse finn du HER.

Søknadsskjema for stillinga finn du HER.


Om Helse Førde:

Helse Førde HF skal tilby trygge og nære spesialisthelsetenester av høg kvalitet til dei vel 109.000 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Befolkninga er spreidd i eit fylke prega av fjord og fjell som gjev utfordringar, men og fantastiske moglegheiter. Helseføretaket har ein desentral struktur som gir høve til å tilby gode tenester til dei som treng tenester mykje og ofte. Lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal yter viktige tenester i tett samspel med sentralsjukehuset i Førde. Det psykiske helsevernet yter desentraliserte tenester i tre poliklinikkar og to distriktspsykiatriske senter i Sogndal og Nordfjordeid, i nært samarbeid med sentralsjukehuset.  Føretaket har lukkast med å dreie dei somatiske tenestene til meir dag behandling og poliklinikk. Helse Førde har eit nært samarbeid med Helse Bergen om høgspesialiserte tilbod.

Helse Førde sine verdiar er respekt for pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg. Måla i føretaket er trygge og nære helsetenester, heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk, og ein framtidsretta kompetanseorganisasjon.

Årleg får 900 studentar, elevar og lærlingar frå fleire studieretningar og utdanningar opplæring, som legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ambulansepersonell, teknisk personell mv.

Helse Førde er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane, og har om lag 3000 tilsette fordelt på 2400 årsverk. Budsjett er om lag NOK 2.8 mrd. Hovudadministrasjonen ligg i tilknyting til Førde sentralsjukehus.

Helse Førde HF har vore gjennom store omstillingar dei siste 10 åra og er i dag eit moderne og veldrive helseføretak som leverer i tråd med nasjonale kvalitetsindikatorar på svært mange områder.
 
Helse Førde HF har ein gjennomgåande klinikkstruktur. Dei operative einingane er kirurgisk klinikk, medisinsk klinikk og psykisk helsevern. Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus har eigne stadlege leiarar. I leiargruppa til administrerande direktør inngår leiarane for desse einingane i tillegg til stabsdirektørar.

Sjå meir på www.helse-forde.no