Toppsjefen besøkte Helse Førde

- Eg har møtt utruleg mange dedikerte og dyktige fagfolk, sa administrerande direktør i Helse Vest, Inger Cathrine Bryne, etter besøket i Helse Førde denne veka.

​På programmet stod mellom anna omvising på Tronvik og Førde sentralsjukehus, der Bryne mellom anna besøkte korona-kohorten i åttande etasje på FSS, intensivavdelinga og ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH).

IC Bryne og Guldhav.JPG
OMVISING: Intensivavdelinga ved FSS var ein av fleire stopp på runden Helse Vest sin toppsjef Inger Cathrine Bryne fekk på sjukehuset. Her saman med klinikkdirektør Tom Guldhav og Arve Varden.


Men først var det møte med føretaksleiinga i Helse Førde, der Bryne snakka litt om kva ho ønskjer å prioritere i arbeidet sitt framover. Her trakk ho fram kor viktig samarbeidet Helse Vest-føretaka imellom er, og likeså samarbeidet mellom helseføretaka og kommunane.
- Godt samarbeid dreier seg i siste instans om kvalitet og tryggleik for pasientane, sa Bryne.
Og ho understreka vidare at om dette skal fungere, så må alle aktørane på alle nivåa innan helsevesenet støtte og legge til rette for kvarandre.
- Vi må bli endå flinkare til å heie på kvarandre, var bodskapen frå Helse Vest-sjefen.
Bryne fekk også orientering om korleis Helse Førde sin administrerande direktør, Arve Varden, ser på samarbeidet mellom Helse Førde og RHFet. Vidare om korleis Helse Førde legg opp arbeidet for å sikre pasienttryggleik og kvalitet, og også ein statusrapport om situasjonen innan psykisk helsevern i Helse Førde.
Inger Cathrine Bryne byrja i stillinga som administrerande direktør i Helse Vest i slutten av mars i år, kort tid etter at landet hadde "stengt ned" som følgje av korona-pandemien. Ho er utdanna sjukepleiar frå Stavanger Røde Kors Sykepleiarhøgskole, og har ein executive master of business administration (MBA) frå Norges handelshøyskole (NHH). I perioden 2004 til 2011 hadde ho fleire leiarstillingar ved Sørlandet sykehus, mellom anna som klinikksjef ved kirurgisk klinikk. I 2011 gjekk turen heim til Stavanger og stillinga som direktør ved kirurgisk divisjon. Bryne var fungerande administrerande direktør frå hausten 2014, og var tilsett som administrerande direktør i Helse Stavanger HF frå 2015 og fram til ho fekk den tilsvarande stillinga i Helse Vest i 2020.