Tone Holvik konstituert som samhandlingssjef

Stadleg leiar for Nordfjord sjukehus Tone Holvik er konstituert som samhandlingssjef, og ivaretek begge desse funksjonane fram til nyttår. Meir varige løysingar rundt stillinga som samhandlingssjef er under vurdering.

​Stillinga som samhandlingssjef har vore lyst ut i haust, men det blir ikkje tilsett i stillinga no. Bakgrunnen er at vi ser på interne løysingar som kan ivareta dei organisasjonsmessige behova våre og dei utfordringane som ligg framfor oss på dette området.
Stig Igland slutta som samhandlingssjef 1. oktober 2018. Han har hatt ei kombinert stilling som samhandlingssjef og avdelingssjef for avdeling tverrprofesjonelle tenester og samhandling i medisinsk klinikk sidan 1. september 2016. Stig held fram som avdelingssjef.