Tone Holvik blir samhandlingssjef

Tone Holvik (59) vert no tilsett som samhandlingssjef i Helse Førde. Sidan 1. oktober i fjor har ho saman med Margun Thue vore konstituert i stillinga. Holvik skal i tida framover få nødvendig støtte slik at ho både kan ivareta både samhandlingsoppgåvene og stillinga som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus.

Helse Førde oppretta stilling som samhandlingssjef i 2010. Etter at stillinga vart ledig i 2018, valde Helse Førde ei intern løysing der Tone Holvik og Margun Thue vart konstituert i stillinga med 50 prosent kvar. Denne løysinga kom ikkje i gang, og det er no beslutta at Tone Holvik ha stillinga aleine. Ho har lang erfaring frå arbeid i kommune og spesialisthelsetenesta, og kjenner arbeidsområdet og fylket godt.
Holvik, Tone (2)_jpg.jpg
FOTO: ODDLEIV APNESETH

Plan om delt stilling
Grunna pågåande arbeid med å organisere leiarfunksjonane ved Lærdal sjukehus, har deling av stillinga altså ikkje lete seg gjennomføre til no. Margun Thue skal ha 50 prosent permisjon fram til 01.10.2020, så det er heller ikkje aktuelt å dele oppgåvene i tida framover. Dermed tek Tone Holvik over som samhandlingssjef i Helse Førde, i tillegg til jobben som stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus.
- Samhandling med kommunar og andre eksterne aktørar er ein viktig del av oppgåvene til stadleg leiar ved lokalsjukehusa, seier Holvik. - Det er såleis mogeleg å kombinere desse to funksjonane på ein god måte, særleg ved hjelp av eit godt støtteapparat.

Thue held fram i Lærdal
Thue skal på si side halde fram som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, i halv stilling.
Ho forklarer at permisjonen er grunna i familiære tilhøve.
- Eg tek 50 prosent permisjon fordi mannen min har ein arbeidssituasjon som krev at han bur i Oslo, og no tek eg sikte på å vere der i permisjonstida, seier Margun Thue. - Likevel skal eg kunne ivareta funkjonen som stadleg leiar, i redusert stilling.

- Tilfredsstillande løysing
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, trur ein no har funne fram til ei løysing som vil fungere tilfredsstillande.
- Vi har i denne situasjonen kome fram til at beste løysinga blir at Tone Holvik tek hand om oppgåvene som samhandlingssjef, seier  Arve Varden.
- Når Margun Thue er tilbake frå permisjon i oktober 2020, vil vi gjere ei ny vurdering av dette.
Begge held fram i jobbane som stadleg leiar, og begge held fram som medlemer av føretaksleiinga i Helse Førde.


Litt om dei to funksjonane:

Samhandlingssjef
Helse Førde samarbeider breitt med brukarorganisasjonar, kommunane i Sogn og Fjordane og ei rekke andre etatar og aktørar. Samhandlingssjefen har overordna ansvar på dette området, mellom anna for å styrkje dei heilskaplege og koordinerte tenestene ut til brukarane av helse- og omsorgstenester her i fylket. Styret i helseføretaket har nedfelt dette i ein eigen samhandlingsstrategi.

Stadleg leiar
Både Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus har eigen stadleg leiar. Dei rapporterer til administrerande direktør i Helse Førde, og har samordningsansvar og ansvar for koordinerande funksjonar mellom øvrige leiarnivå. Begge dei stadlege leiarane har fast plass i føretaksleiinga i Helse Førde.