Tok doktorgrad på beinskjørheit

Helse Førde-overlege Anja Myhre Hjelle forsvarte torsdag sin doktorgrad om beinskjørheit. Disputasen føregjekk i auditoriet ved Førde sentralsjukehus. Etterpå vart doktoranden heidra med ei markering i kantina.

Anja1.JPG
STOLT SJEF: - Det er til inspirasjon for oss alle når ein av våre fagpersoner går heile vegen til doktorgrad. Vi er svært stolte av deg, sa Arve Varden, administrerande direktør då han heldt tale under markeringa etter disputasen. Her overleverer han blomster og eit gåvekort på 5000 kroner. I bakgrunnen klinikkdirektør Trine Vingsnes.

Myhre Hjelle er overlege ved revmatologisk avdeling i Helse Førde, ei avdeling som ifølgje Varden er den revmatologiske eininga i landet med flest doktorgradar per tilsett. Ho starta doktorgradsarbeidet i 2016, og har dei siste åra hatt halv stilling som stipendiat ved Universitetet i Bergen for å jobbe fram mot doktorgraden.

Stor stas
I botnen for doktorgraden ligg den største og mest omfattande kliniske studien som er utført i Sogn og Fjordane. Beintettleik og blodprøver er undersøkt på 600 pasientar for å sjå etter osteoporose, i daglegtale kalla beinskjørheit, og leite etter risikofaktorar for å bli beinskjør. Alle dei 600 pasientane som blei undersøkte var heimehøyrande i Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord.

Doktoranden sjølv la ikkje skjul på at det var stor stas å forsvare avhandlinga:

- Det er ein stor dag både for Helse Førde og meg. 

Førebygging
Hovudmålet med avhandlinga er å bidra til betre brotførebygging i dagleg klinisk praksis ved å auke kunnskapen om risikofaktorar for brot. Fokus har vore retta mot cøliaki, osteoporose og overvekt som risikofaktor for beinskjørheit. Eitt av funna i undersøkinga er at vaksne med cøliaki bør bli vurderte for undersøking av beintettheit. Cøliaki ein kronisk fordøyingssjukdom der pasienten ikkje toler gluten.Anja Myhre Hjelle og Pavel Mielnik.

Anja Myhre Hjelle meiner vi kan bli langt flinkare til å førebyggje brot. Så er også hovudmålet med doktorgradsavhandlinga å bidra til betre brotførebygging i dagleg klinisk praksis.

På verdstoppen
Norge er på verdstoppen i beinbrot som skuldast beinskjørheit. Beinbrot utgjer ei stor belastning både for individ og samfunn. For den det rammar, fører brot til smerte, redusert livskvalitet, kanskje også til uførleik og, i verste fall, auka dødelegheit.

Beinbrot kostar samfunnet store summar kvart einaste år. Med framtidsutsikter om at folk vil leve lenger, er det venta at fleire vil bryte seg.

Anja Myhre Hjelle og Pavel Mielnik.JPG 

HOVUDRETTLEIAR: Seksjonsleiar og revmatolog Pawel Mielnik har vore hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet. I studien som ligg til grunn for avhandlinga, har revmatolgisk avdeling arbeidd tett med ortopedisk og radiologisk avdeling i Helse Førde, samt ekspertar på cøliaki ved Rikshospitalet.