To praksisstudentar i Helse Førde testa positivt

To sjukepleiestudentar som har praksis i Helse Førde testa tysdag positivt for koronaviruset.

​Smittevegen er kjent for begge. Ein tilsett er i karantene som følgje av kontakt med den eine av dei to. 
Utfrå aktiv smittesporing har helseføretaket sett sju tilsette i karantene som følgje av mogeleg nærkontakt med dei to studentane. Helse Førde er elles påverka av den generelle smitteauken i Sunnfjord kommune, med den følgje at til saman 46 av våre tilsette no er i karantene.
Utbrotet og karantenefølgjene rammar naturleg nok inn på fleire av våre avdelingar, men er innanfor det nivået som føretaket klarer å handtere.
 For å halde på kontroll på smitten vil vi frita alle praksisstudentar i Helse Førde i ei veke framover, i første omgang. Frå og med klokka 08 onsdag går Helse Førde over i gul beredskap, til vi ser at smittesituasjonen i vårt område blir noko rolegare.