To av våre forskarar disputerer i mai

Forskarane Hege Kristiansen, overlege ved Barne- og ungdomsavdelinga ved FSS, disputerer fredag 8. mai, og Runar Tengel Hovland, seniorrådgjevar i fag- og utviklingsavdelinga i Helse Førde, disputerer måndag 11. mai.

Hege Kristiansen disputerer 8. mai for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «The vulnerable child in an obesogenic environment» / «Sårbare barn i et fedmefremmende samfunn.

Tid: 08.5.2020 - 09.15 – 10.15 |Tittel: «Children with obesity, nature or nurture?» | Stad: Digitalt møterom: https://tinyurl.com/HegeKristiansen

2019 Portrett Hege Kristiansen_web.jpg

Hege Kristiansen


Hege Kristiansen er overlege ved Barne- og ungdomsavdelinga ved Førde Sentralsjukehus, og Hege sitt prosjekt er forankra i Nasjonal helse- og omsorgsplan og er innanfor eit høgaktuelt tema. Målretta førebygging og handling krev kunnskap om kva faktorar som har betyding for utvikling av overvekt og fedme. Prosjektet tilfører helsetenesta viktig kunnskap for prioritering av intervensjonar, og belyser kva rolle helsetenesta skal ha i denne type problemstillingar.

I tillegg til å vere generell pediater ved Barne- og ungdomsavdelinga, er Hege fagansvarleg innan fleire fagområde i pediatrien- der i blant nyaste tilskot til sosialpediatrien og Barnehuset i Sogn og Fjordane. Hege sitt store engasjement og evne til å dele av kunnskapen ho tileignar seg, har ført henne inn i forskjellige roller ved Barne- og ungdomsavdelinga - som t.d. medisinsk fagleg rådgjevar, utdanningsansvarleg overlege for LIS så vel som utdanningsansvarleg lege for medisinstudentar gjennom UiB. Alt dette medan ho har forska inn mot ein PhD.

- Ut ifrå eit fagperspektiv gir Hege Kristiansen sitt prosjekt Barne- og ungdomsavdelinga og HF tilgang på verdifull forskings- og rettleiarkompetanse. I tillegg vil satsing på forsking vere ein viktig innovasjonsdrivar, og dermed skape ein arbeidsplass som er attraktiv når det kjem til rekruttering og stabilisering av dyktige fagfolk. Vi er stolte over Hege Kristiansen sin Phd-grad og gleder oss til disputasen, seier klinikk direktør Børge Stavland.

Runar Tengel Hovland disputerer 11. mai for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Kliniske tilbakemeldingssystemer i psykisk helsevern – implementering og praktisering".

Tid: 11.5.2020 - 09.15 –10.00 |Tittel: “Når praksisfeltet forsker på seg selv - metodiske utfordringer og etiske dilemma.” | Stad: Digitalt i Teams: https://tinyurl.com/yc25xwwd

2019 Portrett Runar Tengel Hovland

Runar Tengel Hovland

Runar Tengel Hovland er seniorrådgjevar i fag- og utviklingsavdelinga. Dei siste fire åra har han jobba med doktorgraden i regi av Høgskulen på Vestlandet, der han har forska på praksis og implementering av Norse i Helse Førde. Implementeringskunnskap, altså korleis forskingskunnskap vert omsett i god praksis, vert stadig viktigare i helsevesenet. Forskinga svarer på kva ein må ta omsyn til når tilbakemeldingssystem innførast i psykisk helsevern, for å sikre god bruk.

Christian Moltu er leiar for forskingsgruppa som Runar Hovland høyrer til, og har vore rettleiar for doktorgradsprosjektet. Han peikar på nytta av at Hovland, med sin samfunnsvitskaplege bakgrunn, har kunne bidrege med eit nytt perspektiv i forskinga på korleis helsetenester kan utvikle seg. Samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet gir oss store moglegheiter for forskingsprosjekt som både er nær nok den kliniske røynda til å forstå kompleksiteten i denne, og samtidig fri nok til å vere eit sjølvstendig blikk. Korleis Runar Hovland har gjennomført sitt prosjekt viser dette potensialet til fulle.

- Det er viktig at det vert forska i klinikken. Det er flott av vi gjennom utdanningsinstitusjonane og forskinga får sett lys på viktige problemstillingar i den kliniske drifta og slik utvikle tenester kunnskapsbasert. Forsking på innføring av nye verktøy i pasientbehandlinga er nødvendig for å forstå og lære korleis vi kan forbetre slike prosessar ved seinare høve. Eg gler meg til å få presentert Hovland si forsking i disputasen, og ønskjer lukke til, seier klinikkdirektør Børge Tvedt.

- Det har aldri før skjedd at det er disputas nær dag etter dag hos oss, og i tillegg er disputasen digital. Vi slepp å reise til Bergen for å få med oss disputasen, seier forskingsleiar Helse Førde, Marit Solheim.

Meir informasjon:

https://helseforsking.no/to-disputasar-knytt-til-helseforsking-sogn-og-fjordan-i-mai/