Tilsette i Helse Førde skal møte på jobb som vanleg

Tilsette i Helse Førde skal møte på jobb som vanleg. Føretaket har rett til å unnta symptomfrie tilsette når dette er nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift.

Kommunane i Sogn og Fjordane sende i ettermiddag ut melding om at alle som kjem til Sogn og Fjordane etter reiser i Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, tidlegare Hordaland og tidlegare Sør-Trøndelag vert pålagd heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.

- Vi har høve til å gje dispensasjon for nødvendig helsepersonell. Alle tilsette i Helse Førde er definert som kritisk personell, og skal møte på jobb som vanleg frå i morgon om dei ikkje er sjuke eller kjem inn under eit av dei andre punkta i karantenereglementet, seier adm. direktør Arve Varden.

Han har i dag vore i kontakt med fylkeslegen i Vestland som støttar avgjerda.

Her er regelen som gjer at Helse Førde har høve til dette:

«Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.»

Regelen om at alle våre som kjem frå reiser utanom Norden, skal i heimekarantene i 14 dager etter heimkomst, uavhengig om dei har symptom eller ikkje, gjeld framleis. Laurdag blei dette utvida til også å gjelde reisande frå Danmark og Island. Vedtaket har tilbakeverkande kraft frå 27. februar.