Tilsett ved Nordfjord sjukehus testa positivt

Ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19. Smittesporing syner at legen ikkje har hatt nærkontakt med pasientar. Tre tilsette er i karantene.

Legen hadde tre negative koronatestar før ein fjerde test viste positiv prøve onsdag ettermiddag. 

- Så langt tyder alt på at alle rutinar har vore følgde både av sjukehuset og legen, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth.

Utanlandsk helsepersonell som kjem til landet for å arbeide, skal gjennom fire koronatestar den første halvanna veka. Dei skal testast ved dag 0, 3, 6 og 9. Dersom testane er negative, får dei jobbe.

- Legen testa negativt før avreise frå Sverige. Nye testar ved dag 0 og dag 3 var også negative. Onsdag ettermiddag kom så svaret på testen etter dag 6. Denne var positiv, og legen vart straks sett i isolasjon, fortel Helleseth.

Legen har ikkje hatt symptom.

- Så langt vi kjenner til, har legen følgt rutinar og regelverk for bruk av smittevernutstyr til punkt og prikke. Det gjer at det ikkje er nærkontaktar med pasientar, seier fagdirektøren.

Helse Førde arbeidde med smittesporing heile onsdag kveld. Tre sjukepleiarar er nærkontaktar. Dei er sette i karantene og vil bli testa.