Tilsett i Helse Førde har fått påvist smitte

Ein Helse Førde-tilsett har testa positivt på covid-19. 

Personen er ein av dei ni som kom i karantene i samband med at ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus, testa positivt. Alle dei åtte andre har testa negativt. 

Dei ni medarbeidarane vart sette i karantene fordi dei hadde nærkontakt med pasienten som blei sjuk på ein busstur med pensjonistar frå Nord-Jæren. Pasienten var innom sentralsjukehuset først, og blei deretter send vidare til Haukeland universitetssjukehus der ein koronatest var positiv.
 
Som følgje av den positive prøven er ytterlegare to tilsette i Helse Førde sette i karantene. Desse blir testa i dag.