Tilsett i Helse Førde smitta av covid-19

Ein tilsett i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde fekk onsdag påvist koronasmitte.

​Vedkommande var sist på jobb om kvelden tysdag denne veka, og testa positivt dagen etter. Helse Førde har gjennomført smittesporing, og meiner at ein har kontroll på situasjonen. Smittetilfellet er ein del av eit kjent smitteutbrot i Sunnfjord kommune.

Som følgje av smittesporinga er tre pasientar ved avdelinga no i karantene. Sju tilsette i Helse Førde er også i karantene. Alle desse blir no testa ved første høve.

Den tilsette som har fått påvist smitte, var vaksinert. Dette inneber generelt ikkje at ein er hundre prosent immun mot smitte, men vaksinen reduserer risikoen for alvorleg sjukdom eller død som følgje av smitten. Vi viser her til informasjon på Folkehelseinstistuttet sine nettsider, sjå avsnittet «Koronavaksinasjon og test».