Helse Førde starta i ettermiddag arbeidet med å spore kva kontakt den tilsette har hatt med kollegaer og pasientar. Dei som har hatt kontakt med den smitta vil bli informerte og sett i karantene.
Føretaket kan ikkje opplyse kva avdeling den tilsette arbeider på.
Helse Førde har framleis ingen innlagte med korona. I alt 13 personar i området vårt har testa positivt. Totalt 50 tilsette er i heimekarantene.