Ti nye respiratorar til intensivbehandling

- Betre kvalitet på pasientbehandlinga, betre pasienttryggleik og auka kapasitet.

​Slik oppsummerer seksjonsoverlege Alena Breidablikk effekten av at intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus har fått på plass ti nye og topp moderne respiratorar.

Dei nye respiratorane er av typen Hamilton C6 og vart bestilt i mars 2020. Helse Førde har med dette meir enn dobla kapasiteten på respiratorar, og no blir neste steg å lære opp fleire som skal bruke apparata.
respirator.JPG
PÅ PLASS: På intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus står ti nye, topp moderne respiratorar no klar til bruk.

- Dette er topp moderne utstyr som vi ser fram til å ta i bruk, seier Breidablikk. – Det inneber sjølvsagt også betra beredskap med tanke på korleis koronasituasjonen kan utvikle seg framover.

Dei nye respiratorane er meir avanserte enn dei gamle, men treng kun å koplast til oksygen – i tillegg til såklart straum. Gjennom eit hepafilter nyttar apparata den lufta som er i rommet, i staden for å bruke medisinsk luft frå gassanlegget.

Respiratormodellen Hamilton C6  er etterfølgjaren til Hamilton G5 som Helse Førde kjøpte i 2008 og 2009, grensesnittet på apparata er dermed tilnærma likt. Hamilton-respiratorane er godt likte i både det kliniske og tekniske fagmiljøet i Helse Førde. Dei har vist seg å vere svært driftssikre apparat. Totalkostnaden for dei nye apparata er rundt seks millionar kroner. Planen er å behalde dei gamle Hamilton G5 som reservemaskiner i tilfelle større smitteutbrot og innrykk av covid-pasientar.

Opphaveleg planla Helse Førde å bytte ut dei gamle respiratorane i samband med rigginga av Nye Førde sjukehus, men pandemien har gjort at føretaket valde å framskude denne anskaffinga.