Tett på tre milliardar

Ein million kroner manglar på at budsjettet i Helse Førde for første gong bikkar tre milliardar. Styret vedtok 2020-budsjettet på siste møtet før jul.

Øystein Helleseth I.jpg
Samanlikna med årets budsjett, styrkar Helse Førde personalkostnadene og aukar inntektene føretaket får gjennom innsatsstyrt finansiering (ISF). Varekostnadene blir noko redusert. Budsjettet skal sikre vidare satsing på kvalitet i alle einingar.

Den gylne regel

Psykisk helsevern får styrka budsjettet mellom anna fordi tryggleiksposten skal starte neste år.

- Veksten her gjer at vi neste år ligg an til å klare å etterleve «den gylne regel» i forhold til kostnader, seier økonomidirektør Øystein Helleseth (bildet). Den gylne regel går ut på at veksten innanfor psykisk helsevern skal vere større enn i somatikken.

Hornindal går nordover

Resultatkravet Helse Førde skal levere neste år, blir redusert frå 36 til 26 millionar. Årsaka er dei økonomiske konsekvensane av at Hornindal kommune frå nyttår blir del av Helse Møre og Romsdal.

Rammeløyvinga Helse Førde får for å drive spesialisthelsetenesta baserer seg mellom anna på innbyggjartalet. Som følgje av at føretaket misser innbyggjarane i Hornindal, blir ramma redusert med 14,9 millionar kroner.

Godt budsjett

- Gjennom samtalar med Helse Vest har vi difor komme fram til at kravet til overskot blir redusert med ti millionar. I framtida må Helse Førde likevel tilbake til eit resultat på kring 36 millionar for å klare investeringane, seier økonomidirektør Øystein Helleseth.

På styremøtet blei budsjettet karakterisert som godt, og at dreiinga mot ein viss auke i personalkostnadene er klok. Likevel blei det frå fleire understreka at det også er risikoar i budsjettet, ikkje minst i forhold til om Helse Førde klarer å oppnå den aktivitetsveksten det blir lagt opp til.