Tett ambulansetrafikk mellom sjukehusa

Ambulansetenesta brukar store ressursar på å transportere pasientar mellom sjukehusa. Prosjektet som arbeider med ein ny plan for det prehospitale området i Helse Førde, ser no på om det er råd å utføre slik flytting av pasientar på andre måtar.

​I 2017 blei det køyrt 870 turar der ambulansebil køyrde pasientar frå Haukeland universitetssjukehus til Førde sentralsjukehus. Motsett veg gjekk det 682 turar.

Også mellom sjukehusa i fylket går det mange slike transportar. I fjor blei ambulansebilar brukt på 676 transportoppdrag frå Nordfjord sjukehus til Førde og 502 frå Lærdal til Førde.

Kvit ambulanse?

- Mange av desse oppdraga gjeld pasientar som er stabile og ferdigbehandla på eit sjukehus, og skal overførast til eit anna. Vi trur at ein del av desse oppdraga kunne vore gjort utan bruk av ambulanse, seier prosjektleiar for arbeidet med ny ambulanseplan, klinikkdirektør Trine Hunskår Vingsnes.

Då Vingsnes orienterte styret i Helse Førde om status i prosjektet på møtet sist fredag, fortalde ho at det er aktuelt å vurdere innføring av kvite ambulansebilar i HF utover i prosjektet. Slike kvite ambulansar er no innført i fleire helseføretak. Kvite ambulansar handterer ikkje akuttoppdrag, men transportoppdrag. Difor har desse lågare krav til personell.

Transport utan behandling

- Målet er å lette arbeidsmengda til ambulansetenesta, men samstundes syte for at pasientar som har behov for transport mellom sjukehus, og ikkje behandling undervegs, kjem dit dei skal når dei skal. Færre transportoppdrag for ambulansetenesta på dagtid vil vere ein styrke for beredskapen, forklarar Vingsnes.

I møtet viste Vingsnes også statistikk som syner at det blir brukt svært mykje ambulanse i Sogn og Fjordane. Rekna etter oppdrag per 1000 innbyggjarar ligg Helse Førde klart på topp i Helse Vest. Av dei føretaket har samanlikna seg med, er det berre Helgelandssykehuset og Sykehuset Innlandet som brukar meir ambulanse.

På høyring

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde er inne i første fase. Her blir det mellom anna jobba med datainnhenting og analyse, og det blir sett på føresetnader og rammevilkår for tenesta. Ein rapport frå denne delen av prosjektet skal på høyring. Målet er at rapporten skal vere ferdig innan 1. mars. Etter høyringsrunden startar arbeidet med å lage detaljerte modellar.

Her finn du heile presentasjonen som blei gitt til styret i møtet fredag 26. januar: 

Status prosjekt prehospitale tenester.pptx