Tenk gjennom: Må eg verkeleg på sjukehusbesøk?

Helse Førde arbeider hardt for å halde smitten ute frå sjukehusa, og ber no besøkande tenke grundig gjennom om det planlagte besøket verkeleg er heilt naudsynt.

Etter at styresmaktene skjerpa inn koronatiltaka i helga vil Helse Førde minne om kva retningsliner som gjeld for besøk til pasient og anna publikum med ærend på sjukehuset.

Dersom det er praktisk mogeleg å gjennomføre, kan kanskje ein telefon- eller videosamtale med pasienten vere like bra, både for pasient og besøkande

Fagdirektør Evy-Helen Helleseth

 

Tenk ein ekstra gang

Helleseth ber altså besøkande om å tenke seg om ein ekstra gang om det kan finnast alternativ til fysisk besøk. Ho strekar under at retningslinene for besøk ikkje er endra frå tidlegare, men at Helse Førde er nøydd til å vurdere dei fortløpande og uansett praktisere dei strengt i tida framover.

- Det er sjølvsagt framleis slik at alle som verkeleg har behov for å komme, er velkomne berre dei følgjer gjeldande retningsliner, seier ho. 

Du er altså framleis nøydd til å gjere nokre førebuingar dersom du aktar å besøke ein pasient som ligg på sjukehuset.

Ved besøk til Helse Førde sine institusjonar gjeld framleis desse retningslinene:

 

Når du vil på besøk

  • Ring til avdelinga i god tid på førehand og gjer ein klar avtale om tidspunkt.
  • Kvar pasient kan motta to besøk i døgnet, etter vurdering av lege eller sjukepleiar ved avdelinga. Sjekk dette før du kjem.
  • Merk at besøket er tidsavgrensa. Til pasientar på fleirsengsrom skal det vare maksimalt ein halv time, besøk til pasient på enkeltrom skal vare maksimalt ein time.
  • Sjukehusavdelinga kan gjere unntak frå dette ved alvorleg sjukdom eller skade der situasjonen er livstruande. Men også dette skal vere avklart på førehand.
  • Den besøkande må vere frisk, og det vert stilt spørsmål om helsetilstanden til den besøkande. Slik unngår vi at inneliggande pasientar vert utsett for smitte.
  • Besøkande skal gå direkte til sengeposten/avdelinga etter at tilgangen er kontrollert og handvask/spriting av hender er gjort.
  • Vidare skal ein halde avstand på ein, helst to meter til pasientar og helsepersonell.
  • Også ved polikliniske besøk der ein følgjer ein pasient stiller vi krav om førehandsavtale og gjennomgang av helsetilstanden til følgjet.