Tek imot pasientar som vanleg

Nordfjord sjukehus tek frå i føremiddag imot pasientar som vanleg.

Etter at ein inneliggande pasient testa positivt i går, vart nye pasientar lagt inn ved Førde sentralsjukehus. Frå torsdag føremiddag tek sjukehuset på ny imot pasientar. Frå i morgon går også alle planlagde inngrep på dagkirurgien som normalt.

- Vi er tilbake i tilnærma normal drift, og meiner å ha god kontroll på situasjonen, seier avdelingssjef Laila Haugland ved medisinsk avdeling. 

Pasienten har ikkje vore i nærkontakt med andre inneliggande. 16 tilsette i spesialisthelsetenesta i Nordfjord er i karantene. Desse har anten fått første vaksinedose eller er uvaksinerte, og blir testa i dagane framover.