Tek doktorgrad på tvangslidingar

Eili Nygard Riise disputerer 12. mars for doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

Eili Nygard Riise

Ho har som stipendiat ved Universitet i Bergen forska på behandling av tvangslidingar hos born og unge.

- Vi vil gratulere Eili Nygard Riise med disputas og fullført doktorgrad. Vi ønskjer lukke til med prøveførelesing og disputas. Det markerer slutten på doktorgradsarbeidet, seier Børge Tvedt, direktør for psykisk helsevern i Helse Førde.

Eili Nygard Riise er fast tilsett ved Sogndal BUP. Som ein del av utdanninga til å bli psykologspesialist, arbeider ho fram til oktober 2019 ved Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal.

Ubehagelege situasjonar

Tvangsliding rammar 1-3 prosent av barn og unge. Det er ei liding prega av tilbakevendande og ubehagelege tvangstankar og/eller tvangshandlingar. Dei som er plaga strevar ofte med å fungere på skulen og sosialt, og symptoma kan setje heile familien ut av spel.

Den tilrådde behandlinga er kognitiv åtferdsterapi med eksponering og responsprevensjon. Metoden går mellom anna ut på å utsetje dei som lir av tvangslidingar for ubehagelege situasjonar. Målet er å lære seg til ikkje å utføre tvangshandlingar. Behandlingsmetoden har vist seg å vera nyttig i mange ulike format, blant anna når behandlinga vert gitt meir konsentrert. Teamet som arbeider med tvangslidingar for barn og ungdom i Helse Bergen, gjev behandlinga konsentrert over fire påfølgjande dagar.

Oppløftande resultat

Riise har i tre vitskaplege artiklar brukt resultat frå kvalitetssikringa av behandlingstilbodet i Helse Bergen. Resultata synte at omlag 90 prosent av pasientane responderte på behandlinga, og at fråfallet var på berre 3 prosent. Faglitteraturen viser at ca. 70 prosent normalt sett reagerer på behandlinga, og resultata er difor oppløftande. Resultata viser også at familiane har nytte av behandlinga.

Ein fjerde artikkel er ei kunnskapsoppsummering av kognitiv åtferdsterapi og medikamentell behandling av tvangslidingar og -handlingar hjå barn og ungdom.

Fullfører i Helse Førde

- Vi er glad for at Eili har fullført spesialiseringa si i Helse Førde, og kan bruke kunnskap og kompetanse i tenesteyting, vidareutvikling og kvalitetssikring av tenestene. Helse Førde ønskjer å ha tilsette som driv forsking kombinert med klinisk verksemd, seier klinikkdirektør Tvedt.

Eili Nygard Riise er frå Vik i Sogn og utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen. I 2012 byrja ho som stipendiat i eit rekrutteringsprogram som gjev både spesialistgodkjenning og doktorgrad. Stipendiatet har vore tilknytta Institutt for klinisk psykologi ved Det psykologiske fakultet. I den kliniske delen av stillinga har Eili Nygard Riise tidlegare jobba i Helse Bergen. Ho fullfører no spesialiteten i barne- og ungdomspsykologi i Helse Førde.Avhandlinga som ho skal forsvare 12. mars heiter «Concentrated exposure and response prevention for obsessive-compulsive disorder in adolescents: the Bergen 4-day treatment».

Avhandlinga som ho skal forsvare 12. mars heiter «Concentrated exposure and response prevention for obsessive-compulsive disorder in adolescents: the Bergen 4-day treatment».

Du kan lese meir om denne på nettsidene til Universitetet i Bergen.