Takka av tre styremedlemer og ein administrerande

Fire personar med ei samla fartstid på meir enn ein mannsalder i leiinga av Helse Førde, blei takka av i samband med styremøtet før helga.

 

Takka av styremedlemer og Bolstad 29. juni 2017.JPG

LANG FARTSTID: Saman har dei fire som fekk takk for innsatsen 34 år bak seg i leiinga for Helse Førde. Bak frå venstre: Jon Bolstad, Jorunn Ringstad og Geir Berge Øverland. Framme styreleiar Agnes Landstad (til v.) og Berit Hornnes.

Med nesten 13 år som administrerande direktør var Jon Bolstad den lengstsitjande toppleiaren for eit helseføretak då han gjekk av i mai. Då Jorunn Ringstad takka for seg som styreleiar av helsemessige årsaker sist haust, hadde ho elleve år bak seg i styret, fire av dei som nestleiar og fem som styreleiar. Berit Hornnes sat seks år i styret og Geir Berge Øverland fire. Dei to gjekk begge ut av Helse Førde-styret i februar.

Gode ord

Alle fire fekk gode ord for innsatsen av styreleiar Agnes Landstad.

- Du var ikkje den som sa mest, men det du sa var alltid gjennomtenkt. Du såg heilskapen, og tok alltid føretakssynspunktet, melde ho til Geir Berge Øverland.

Og til Berit Hornnes:

- Det var viktig å få vernetenesta sitt perspektiv inni styrerommet. Eg la spesielt merke til at du tok sjølvstendig ståstad i fleire saker.

Stødig og trygg

Om Jorunn Ringstad meinte den sitjande styreleiaren at hennar erfaring frå politikken, både som ordførar i Askvoll og stortingsrepresentant, hadde kome Helse Førde til gode på mange måtar.

- Du var stødig og trygg, og du hoppa ikkje frå eine tua til hi. I di tid handterte styret mange tunge saker, i fleire av dei kom ikkje resultatet til syne før mange år etter at vedtaket var fatta. Det hadde ikkje gått om ikkje kursen var stø, sa Landstad.

Endringskraft

Ho rosa Jon Bolstad for å vere nytenkjande, visjonær og framoverretta med fokus på kvalitet og moderne tenester.

- Kva vil stå att etter Jon Bolstad?, spurde Agnes Landstad før ho peika på klinikkorganisering på tvers av behandlingsstader og endringskraft som to .

– Du kom inn i føretaket i ein periode med svært vanskeleg økonomi. Det blei gjort raske vedtak for å snu utviklinga, og fleire av dei skapte uro. Men i dag ser helse-Norge til Helse Førde. Føretaket har ei enedringskraft som er bygt opp over lang tid, det er ein viktig kapital å ha med seg framover.

Stå saman

Både Ringstad og Bolstad gav uttrykk for at det å gå frå leiarposisjonar til å følgje Helse Førde frå utsida hadde vore spesielt og interessant.

- I ein institusjon som Helse Førde, vil det aldri vere heilt ro. Og det er bra, uro viser at det skjer utvikling. Men som styre er det viktig å dra lasset saman. Klarar ikkje styret det, kjem ikkje føretaket seg vidare, sa Ringstad.
 

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​