Arrangementet går i perioden 16. til 24. september, og store deler av sentrumsområda vil vere avsperra på dagtid.
Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier at ambulansetenesta er budd på situasjonen som kjem, og at det er lagt opp til alternative ruter som kan opnast opp ved utrykningar og hasteoppdrag for våre ambulansar.
- Dessutan har vi jo som regel tre timars varslingstid frå vi startar oppdraget i Førde til vi når Bergen sentrum. Då får vi tid til å sikre oss ei open kjørerute i samarbeid med arrangørane, seier Sægrov.
Meir detaljert informasjon om arrangementet og dei trafikale tilhøve finn du her på Helse Bergen sine nettsider.