HELSENORGE

Svanatunet opnar med brask og bram og HM Kongens garde

I fleire år har området mellom ny og gammal hovudinngang på Sentralsjukehuset i Førde vore eit litt udefinert restområde. No er området rusta opp, døypt Svanatunet og blitt ein liten juvel på sjukehusområdet. Offisiell opning skjer med pomp og prakt fredag 20. august. HM Kongens garde vil delta på seremonien.

parkområde med plen, belysning og tunstein framfor sentralsjukehuset

Før 2006 var dette området ein del av infrastrukturen fram mot hovudinngangen. Men med den nye hovudinngangen i påbygget og den lange pergolaen (overbygget), tapte området mål og meining. I mange år har eit «lappeteppe» ulike typar beleggingsstein og fornuftige tre og busker gitt eit litt fargelaust preg, til og med den vesle japanske hagen var gøymd og forsømt.

 Viktig rekreasjonsområde 
Sjukehusparken har i alle år har vore viktig som rekreasjonsområde både for pasientar, pårørande og andre som har tilknyting til området. Det var òg slik han var tenkt å fungere. Med stadig mindre parkareal vart det samstundes viktig å nytte dei areala som framleis er her, på best mogleg vis.

Total forandring
Etter at den praktiske funksjonen forsvann med den gamle hovudinngangen, ønskte ein no å gje området ny meining som ein integrert del av parkområdet ved sjukehuset. Arbeidet å gjere heile området meir innbydande, tilgjengeleg og presentabelt starta med å sette i stand den japanske hagen. Den vesle, smålåtne hagen blir ofte synleg for oss ved skumring og daggry når lyktene er tende. Vidare måtte ein skaffe seg løyve til å ruste opp resten. Som med mykje anna ved sjukehuset er området omfatta av freding.

2021-08-17_Den japanske hagen_foto_Standenes_2066.JPG

Den japanske hagen

Same arkitekt som i -78
Kulturminnelova seier i utgangspunktet noko om å la areal ligge urørde, som lesbare minne om korleis sjukehuset fyrst var innretta. Men her var det mogeleg å oppgradere området, berre det vart gjort på rette måten.
Landskapsarkitekt Arne O. Moen, som teikna sjukehusparken attende i 1978, vart kontakta for eit samarbeid. Moen, som er blitt pensjonist, tende på ideen om å teikne området inn i heilskapen for sjukehusområdet. Dette har han gjort på ein stilig og varsam måte – og med den autoriteten som berre den opphavelege arkitekten kunne ha. Dei arkitektoniske løysingane er blitt til i samråd med Riksantikvaren, Vestland fylkeskommune og Sykehusbygg HF.

Arrangementet startar fredag 20. august klokka 14.15.

Det nye namnet - Svanatunet
Namnet på parken følgjer ein namnetradisjon der alle bygg på sjukehusområdet har eit særnamn. Og sidan Svanabygget omkransar parken, vart det naturleg å bruke ordet tun i namnet. Svanatunet er lett tilgjengeleg frå pergolaen og er blitt ein fin gest til alle som kjem til tuns.