Styrka beredskap etter ras i Årdal

Helse Førde har styrka den akuttmedisinske beredskapen i Indre Sogn  i samband med rasstenginga på fylkesveg 53 i Årdal kommune. Frå laurdag kveld ligg det båt i beredskap på Årdalstangen.

Ambulansetenesta i Lærdal er styrka og har to bilar i døgnberedskap. Styrkinga er gjort for å sikre forsvarlege responstider for innbyggjarane sidan reisetida til sjukehus blir lenger som følgje av vegstenginga. Løysinga vert vidareført så lenge vegen mellom Årdal og Fodnes er stengd.

Grunna værutsiktene i fjellet søndag 7. januar kan fylkesvegen Årdal – Tyin, det einaste opne vegsambandet inn til kommunen, bli stengt.

Helse Førde etablerte laurdag kveld båtberedskap på Årdalstangen. Saman med lokal ambulanse i Årdal vil dette sikre transport ut av kommunen dersom det skulle bli nødvendig. 

Saman med Årdal kommune si styrking av legevaktstilbodet, har Helse Førde sett i verk tiltak for å sikre innbyggjarane trygge og gode helsetenester ved å styrke den akuttmedisinske beredskapen i ein krevjande situasjon.