Studentar innførte system for betre pasienttryggleik

Liggesår, infeksjonar, fall: Dette er nokre av farane pasientar er utsette for på sjukehus. Ei gruppe sjukepleiarstudentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) har jobba med ein metode for å gjere opphaldet tryggare.

Tavlemøte.JPG

Studentane i praksis var (fremst og bakover): Charlotte Lavik, Camilla Grimeland, Vebjørn Dolve, Heidi Bukten, Linda Foss Bolstad, Mathilde Bauge og Even Hallingstad.

”Tavlemøte” er namnet på tiltaket som fire studentar ved sjukepleieutdanninga i Førde har vore ansvarlege for å innføre. I løpet av praksistida si på medisinsk sengepost på Førde sentralsjukehus, har dei gjennom dette vore med på å systematisere arbeidet ved avdelinga, slik at opphaldet der vil føre til langt mindre risiko for pasientane.

Kvar dag i seks veker har studentane leia møte for dei tilsette innanfor alle fagkategoriar: sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og ergoterapeuter. Under møta har dei gått systematisk gjennom ei rekkje risikofaktorar, og sjekka av korleis det ligg an for kvar pasient.

Motverkar unødig skade og liding

- Som andreårsstudent i sjukepleie var det skummelt å stå og leie eit møte framfor alle desse røynde fagfolka. Eg hadde høg puls! seier Vebjørn Dolve.

- Vi skjønar jo at forandring er vanskeleg for folk. Med desse møta fekk dei endå ein ting å tenkje på i arbeidskvardagen sin, og dei følte uro over at det kunne ta vekk tid med pasientane, seier Even Hallingstad.

- Likevel følte vi at dei var veldig mottakelege for dette nye tiltaket, og såg nytta av det. Så det var flott å jobbe med dei, seier Dolve.

Pasienttryggleik har vore eit stort tema i norsk helsevesen dei siste åra. Gjennom pasienttryggleiksprogrammet satsar helsestyresmaktene på å gjere opphald på sjukehus, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar tryggare gjennom å innføre ulike tiltakspakker. Tavlemøte er eitt av fleire verkemiddel som skal gjere arbeidet med pasientar meir systematisk og oversiktleg.

For det å ligge på sjukehus er farleg i seg sjølv – i 2011 viste statistikken at heile 16 prosent av dei som var innlagde, blei påført unødig skade. Sidan har denne statistikken gått ned som følgje av kvalitetsarbeid, men ennå er det mykje att å gjere på feltet. Typiske problem kjem av mangel på rutine. Veneflon eller kateter kan bli verande i for lenge, og skape infeksjonsfare. Manglande merksemd kring ernæring eller liggestilling kan føre til unødig skade og liding. Tidlegare har oppfølginga av desse felta typisk vore lite systematiserte, dermed har risiko for skade som følge av dette vore stor.

Samarbeid mellom skule og helseføretak

Tavlemøte har vore innført ved nokre få avdelingar ved Førde sentralsjukehus, men langt ifrå alle. Det nye i dette tilfellet er at studentar har vore ansvarlege for innføre rutinen. Marny Alice Pettersen, fagutviklingssjukepleiar ved medisinsk avdeling, har leia prosjektet i lag med Irene Aasen Andersen og Sissel Hjelle Øygard, høgskulelektorar ved HVL. Saman søkte dei samarbeidsmidlar, slik at Helse Førde og HVL i lag kunne gjennomføre tiltaket i pasienttryggleik.

I tillegg til dei fire studentane frå andreåret ved sjukepleiarutdanninga i Førde, var tre studentar frå tredjeåret også involverte – med utgangspunkt i tavlemøta, skreiv dei ei oppgåve om kvalitetsarbeid i sjukepleie. Tankegangen kring kvalitetsarbeid er svært viktig å få innpoda under utdanninga – at sjukepleiarar heile tida må jobbe med å finne betre måtar å arbeide på. Alle praksisstudentane fekk oppleve at dei alt frå første stund dei kjem innafor ein helseinstitusjon, kan vere med på å setje sitt preg på korleis ting blir gjort.

- Gode rutinar er ein svært viktig del av god sjukepleie. Kring ein enkelt pasient er det utruleg mange fagfolk som samarbeider om pleia – gjerne fleire titals. Svikt i kommunikasjonen mellom ulike faggrupper kan få alvorlege konsekvensar, seier Irene Aasen Andersen.

Ein plan for kvar pasient

Berre det å planlegge utskriving av ei pasient, er ei omfattande oppgåve i seg sjølv. Mykje kan gå gale om ikkje dei rette fagfolka er involverte. I tilfelle der pasienten skal vidare til ein annan institusjon, er det mykje kunnskap som skal vere med vidare. Systematisk arbeid med tryggleik vil kaste av seg mykje: under arbeidet med å avdekke risiko, vil det vere mogleg å utvikle ein plan for den enkelte pasienten som følgjer han vidare til neste institusjon.

Gjennom å jobbe med tavlemøta synst praksisstudent Even Hallingstad at han fekk god innsikt i korleis ei avdeling fungerer:

- I sjukepleie er det mykje som bli gjort intuitivt, og det kan vere vanskeleg for ein som er ny i faget å forstå kva som må gjerast. Gjennom at ting i møte blir sagt høgt og sett fokus på, har vi eit mykje betre system for å vite kva kvarandre gjer, og det hjelper utruleg mykje, seier han.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​