HELSENORGE

Stor tillit til sjukehusa i vest

Tiltrua til sjukehusa på Vestlandet er framleis høg - to år ut i koronapandemien. Det viser ei fersk undersøking gjort av Respons Analyse på oppdrag frå Helse Vest. 




– Desse gode resultata er ein stor honnør til alle medarbeidarane i helsetenesta. Innsatsen, kompetansen og evna til omstilling som alle på sjukehusa har vist dei to siste åra, er imponerande, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.  - Det har vore to utfordrande år, og det krevst framleis ekstra innsats frå mange.

2002 vestlendingar over 18 år, om lag 500 i kvart av dei fire helseføretaka, har svart på undersøkinga. Den er utført av Respons Analyse på oppdrag frå Helse V​est RHF i januar 2022 – rett etter at omikronbølgja kom til landet for fullt. Dei vart spurt om blant anna tiltrua til at dei får den behandlinga dei treng, om dei har fått utsett behandling og om informasjonen frå sjukehuset har vore god.   

Sjå heile rapporten HER

​Større tiltru til koronabehandling enn anna behandling  
Dette er den tredje målinga av tiltrua til sjukehusa på Vestlandet under pandemien, og den femte til saman. Første måling var i 2017, og befolkningsundersøkinga frå 2021 og 2020 finn du her​. Det er nytta ein skala frå 1 til 5, der 1 er dårlegast og 5 er best.   

Målingane viser ein liten nedgang i snittskåren samanlikna med juni 2021. Men folk har framleis høg tiltru til at dei får den behandlinga dei skal ha i Helse Vest - på tvers av kjønn og alder. Den største skilnaden frå tidlegare målingar er kanskje at folk har litt større tiltru til at dei får den behandlinga dei treng om dei blir sjuke av covid-19 (snitt på 4,6) enn om dei har behov for anna sjukehusbehandling (snitt på 4,2).   

​Høgare tillit no enn før pandemien  
Det er gjennomgåande høgare vurderingar av tiltru no enn før pandemien – til dømes går pasientbehandlinga opp frå 4,1 i 2017 til 4,3 i 2022, tillit frå 3,8 i 2017 til 4,1 i 2022 og truverd i media opp frå 3,8 i 2017 til 4,2 i 2022. Her er nokre fleire hovudpunkt frå undersøkinga:  

​Pleia, behandlinga og måten pasienten vart vareteken på, skårar høgast (4,5), medan ventetida blir vurdert dårlegast (3,9). Dette kan skuldast at pandemien har ført til at fleire til tider har fått utsett undersøkingar og operasjonar.  
1 av 5 av dei som har vorte behandla, seier dei har hatt video- eller telefonkonsultasjon og er i hovudsak nøgde med det. 
 
Fem prosent oppgir at dei eller deira næraste har late vere å ta kontakt med sjukehuset, sjølv om dei har hatt behov for det. Dei under 30 år oppgir dette i større grad. Fire prosent svarte det same i mai 2020, men talet ikkje er direkte samanliknbart. I første undersøking spurde vi om dei tre siste månadene, medan i denne har vi spurt om dei siste 12 månadene.