Stor auke i video- og telefonkonsultasjonar

Pandemien har ført til ein stor vekst i talet på digitale konsultasjonar. Helse Førde sin administrerande direktør, Arve Varden, håpar bruken av video og telefon har gjeve gode erfaringar, som gir varig vekst i denne typen konsultasjonar.

- Vi har lenge hatt eit mål om å auke talet på video- og telefonkonsultasjonar. I strategien til Helse Vest heiter det at vi ikkje skal ha innleggingar og fysiske konsultasjonar, så sant tenesta kan ytast like godt eller betre virtuelt, seier han.

Opp til tredobling
Medan det i januar og februar var færre enn 1000 video- og telefonkonsultasjonar, så gjekk talet opp til omlag 2500 i mars, rundt 3300 i april og om lag 2500 i mai. Fram til og med mars var det i all hovudsak telefon som vart brukt, men i april vart det gjennomført omlag 500 konsultasjonar på video. Hovudårsaka er at ei ny videoløysing kom på plass tidleg i månaden. I mai steig dette talet vidare til om lag 700.

Endra finansiering
- Det kan framleis vere litt plunder og heft med teknologien, men stadig meir ligg til rette for at vi skal gjennomføre fleire konsultasjonar digitalt. Finansieringssystemet er endra for å fremme bruken, og den nye videoløysinga gjer at pasienten kan vere heime eller på jobb. Eg trur mange pasientar set pris på denne mogelegheita, når dei opplever at konsultasjonen kan gjerast med god kvalitet på avstand, seier Varden.
I psykisk helsevern har dei nytta telefonkonsultasjonar i stort omfang over tid. I mai hadde dei rundt 1900 video- og telefonkonsultasjonar, medan dei to somatiske klinikkane hadde rundt 600 til saman.

- Vurder digital kontakt
-Video og telefon vil naturleg nok ikkje passe for alle pasientar eller pasientgrupper. Men eg vil oppmode avdelingane om å gjere det til ein rutine å vurdere om tilbodet kan gjevast digitalt. For nokre pasientar kan det vere ei stor belastning å måtte reise langt, og for andre kan det bety at heile arbeidsdagar går tapt. Eit alternativ er også at pasientane reiser til næraste virtuelle poliklinikk og gjennomfører videokonsultasjon til ein av våre andre behandlingsstader. For eksempel frå Måløy til Nordfjordeid. Då kan pasientane også få hjelp til oppkopling, og det kan vere helsepersonell til stades begge stadar, seier Arve Varden.