Stor amme-undersøking blant fødande

I oktober blir det gjennomført ei undersøking om ammerettleiing på alle føde- og barselavdelingar i Norge. Her får deltakarane tilbod om å svare elektronisk på korleis rettleiinga rundt amming har vore.

 

​Det er Nasjonal kompetanseteneste for amming som utfører undersøkinga.

Slik skal denne reevalueringa gjennomførast rundt om på fødeeingane ved sjukehusa:

Alle mødre som snakkar norsk eller engelsk og som føder i oktober 2016 får tilbod om å seie si meining om den rettleiinga rundt amming som dei har fått på føde- eller barsel avdelinga. Mødrene kan svare enkelt på eit elektronisk spørjeskjema.

Avdelingane registrerer på si side amming og bruk av tillegg til fullbårne nyfødde i oktober 2016.

Føde/barselavdelinga ved Førde Sentralsjukehus har vore godkjend sidan 1996, og har blitt resertifisert kvart andre år.

Det er ein del arbeid med det, men vi ser fram til evalueringa, då det er viktig å sjå om rettleiinga om amming held godt fagleg mål. Det er bra for avdelinga å tenke gjennom rutiner, diskutere kva vi er gode på og kva vi kan forbetre oss på.

- Amming er eit område som ikkje berre omhandlar fysiologi og anatomi, men har mykje med kjensler og tilknytning til barnet å gjere. Vi må vere lydhøyre for mor sine ønskjer og erfaringar, men også syte for at ho får god og faglig oppdatert informasjon, seier Ingvild Dorthea Strømmen, som er fagutviklingsjordmor i Helse Førde. Slagordet «Flest mulig kvinner skal amme med minst mulig problemer» er målet vårt.

Det er sjølvsagt frivillig å delta i undersøkinga, og vi håpar flest mulig av kvinnene som føder i oktober tek seg dei rundt 15 minutta som går med til å svare.

Dette kan du vente av ei mor-barn-vennleg godkjent avdeling:

  • Det skal finnast ei ammeprosedyre som i lettfatteleg form er tilgjengelig for foreldre. Avdelinga har ein opplæringsplan om amming slik at du kan vente oppdatert og god rettleiing frå alt personell.
  • I løpet av graviditeten blir du informert om fordelane ved morsmelk og korleis du best kjem i gang med og oppretthheld amminga.
  • Rett etter fødselen får du ha barnet uforstyrra hjå deg, hud mot hud, iallfall ein times tid eller til den første amminga er i gang.
  • Ved keisarsnitt eller komplikasjonar hjå mor, skal du få barnet til deg så raskt som råd når du kan forholde deg til barnet og uansett innan ein halvtime etter at du har sagt at du ønsker det.
  • Personalet skal følgje opp at det går greit med amminga. Du får rettleiing ved behov, så ofte du treng det. Ved problem skal du få hjelp til å løse dei og å bli sjølvhjelpen.
  • Dersom du mellombels blir skild frå barnet ditt, blir du synt korleis du kan handmelke eller pumpe deg, og du får lære kva som skal til for å oppretthalde melkeproduksjonen.
  • Det nyfødde barnet ditt får ikkje anna næring eller væske enn morsmelk, unnteke når det er medisinsk grunn til det.
  • På barselavdelinga er det normalt og ønskjeleg at barnet er hos deg heile døgnet. Du kan be om hjelp og avlasting dersom du treng det. Personalet skal gje deg omsorg, slik at du får krefter til barnet.
  • Det blir oppmuntra til amming ved behov, sjølvregulering. Det vil seie at barnet får brystet så snart barnet syner interesse og så lenge det ønskjer, innan rimelege grenser, dersom det kjennast greit ut for deg.
  • Du får lære at altfor søvnige barn som ikkje ber om mat bør bli tatt opp, bore og stimulert og få tilbod om brystet. Vidare at du godt kan vekkje eit barn og legge det til brystet dersom du treng det, for eksempel på grunn av melkespreng.
  • Det blir ikkje tilbod om narresmokk eller flaske på barselavdelinga. Du blir rådd til å unngå dette iallfall til amminga er godt etablert og du har ein tilstrekkeleg mjølkeproduksjon.
  • Mødre som ikkje ammer, eller ikkje får til amminga skal få positiv støtte.
  • Du skal få informasjon om kva helsestasjon du soknar til, og om kor du kan vende deg etter fødselen dersom det oppstår problem. Du skal bli gjort kjent med Ammehjelpen og korleis du kan få kontakt med den.

Mor-barn vennleg sjukehus, bakgrunn:

Mor-barn-vennlig initiativ (MBVI) er ei norsk oppfølging av WHO/ UNICEFs "Baby Friendly Hospital Initiative" (BFHI). Dette er eit krafttak for å fremje amming og tidleg nærkontakt mellom mor og barn. På bakgrunn av forsking og erfaring har WHO/UNICEF stilt opp ti krav som ei føde/barselavdeling må innfri for at den skal kunne erklærast Mor-barn-vennleg. Prosjektet kan sjåast på som en del av kvalitetssikringa av rutinene ved norske fødeavdelingar.

I Norge er prosjektet utvida til også å omfatte neonatalavdelingane og helsestasjonane.