HELSENORGE

Stolt lærling i humanitær juletradisjon

Det har blitt ein tradisjon at i staden for ei julemerksemd til kvar og ein, får lærlingane i PRO Vestland opplæringskontor gje ei pengegåve på 10 000 kroner til eit humanitært formål. Jula 2021 gjekk gåva til Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) i Helse Førde. 

​- Vi lærlingane tykkjer det er fint at vi får gje ei julegåve til eit humanitært formål. Då Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk dukka opp som ein mogeleg mottakar, viste eg med ein gong at det var rett, seier lærling Anna Louise Haugland Østerbø. 
- Vi unge har vel nokon kvar fått kjenne på kva pandemien kan gjere med den psykiske helsa vår, så vi må støtte kvarandre så godt vi kan, fortel Anna Louise. 

portrettbilete av ei ung kvinne med Obs bygg-gensar og tørkle i halsen

Besøkte barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Helse Førde: Anna Louise Haugland Østerbø frå Bjordal, som er lærling i salsfag YSK, og har læretida si på Obs bygg i Førde.

Anna Louise og dagleg leiar for PRO Vestland opplæringskontor, Jorunn Eide Kirketeig var invitert til å møte overlege og seksjonsleiar i Førde BUP, Hildegunn Fauske og Kerima Alette Førde, slik at Helse Førde fekk takke for den rause gåva. Det vart eit fint og hyggeleg møte mellom det profesjonelle hjelpeapparatet og ein engasjert lærling med ei stor gjevarglede. Anna Louise fortel at denne juletradisjonen gjer ho stolt og at det betyr mykje for henne at opplæringskontoret ser dei som heile menneske og ikkje berre som lærlingar i utdanning.

fire kvinner der ei står med blomar i hendene, ei sit på ein krakk og to amdre står i bakgrunnen ved ei trapp

Hyggeleg møte: Hildegunn Knapstad Fauske og Kerima Alette Førde, Jorunn Eide Kirketeig og Anna Louise Haugland Østerbø.

​Takka for gåva og brukar pengegåva slik 

Psykisk helsevern for barn og unge har sengepost for ungdom (UPH) og tre poliklinikkar (BUP) for barn og ungdom, lokalisert i Sogndal, Førde og på Nordfjordeid. 
- Vi valde å dele gåva mellom dei tre poliklinikkane og gåva blir brukt for å styrke ventesonene i form av bøker og aktivitetar pasientane kan sysle med når dei ventar på behandlar, seier Hildegunn Fauske. 

I Førde har vi fått eit nytt ungdomsrom som er utstyrt med forskjellige aktivitetar, her blir det kjekt med meir utstyr. 
Sogndal BUP har i haust pussa opp leikeromma på poliklinikken, men manglar noko fint å ha på veggen. Gåva vil difor bli brukt til å kjøpe fine bilete til å pynte med. 
Nordfjord BUP vil bruke gåva til å oppgradere ventesona generelt, mellom anna å få lagt fram eit ladepunkt for mobil til ungdommane.